Sosialdemokratane
- For andre parti med liknande namn, sjå Det sosialdemokratiske partiet.
Sosialdemokratane (Sosialdemokratene) var eit parti som stilte til val i fem fylke ved stortingsvalet 2001.
Sosialdemokratane | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1993 | ||
Ideologi | Sosialdemokrati |
Historie
endrePartiet oppstod som eit ubrytarparti frå Pensjonistpartiet, som stilte til val ved stortingsvalet 1993 under namnet Felles Framtid. I 1995 skifta det namn til Folkets Vilje, og i 1999 til Generasjonspartiet. I 2000 ville partiet skifta namn til Sosialdemokratane, men Arbeidarpartiet la ned protest mot dette. Protesten vart avvist 7. februar 2001.[1] Sjølv om Arbeidarpartiet anka,[2] gjekk endringa til slutt gjennom.
I 2003 søkte Sosialdemokratane til Brønnøysundregisteret om namneendring til Demokratane, men om lag samstundes registrerte Vidar Kleppe sitt nye parti Demokratane. Sosialdemokratane la ned protest til valstyra i alle fylke der Demokratane stilte liste, men fekk avslag. Sosialdemokratane har ikkje stilt til val igjen.
Stortingsvalet 2001
endreSosialdemokratane fekk i 2001 til saman 351 røyster, eller 0,01 % av røystene på landsbasis. I dei enkelte fylka fekk dei:
- Telemark: 0,08 %
- Nord-Trøndelag: 0,07 %
- Buskerud: 0,06 %
- Sør-Trøndelag: 0,06 %
- Oslo: 0,02 %
Kjelder
endre- ↑ Merete Vikre. «Sosialdemokratene vant navnestrid». p4. Arkivert frå originalen 20. september 2003.
- ↑ «Slåss om arv». Dagbladet. 21. april 2001.