For andre tydingar av oppslagsordet, sjå fiasko.

Fiasco (italiensk for 'flaske', fleirtal fiaschi) er ein korghaldar tradisjonelt brukt rundt nokre italienske vinflasker. Haldaren kunne verna flaskene mot støytar under transport, letta bering og hjelpa runde glasblåste flasker med å stå. I dag er flaskene brukt for visse vinar omfatta av opphavskontroll (Denominazione di origine controllata). Fiascoar blir typisk laga av bast eller halm.

Fiasco måla av Jacopo Chimenti.
Ei flaske chiantivin i fiasco.

HistorieEndra

 
Detalj frå ein freske av Domenico Ghirlandaio (1449-1494) der ei kvinne ber nokre flasker med fiasco.
 
Kvinne med fiascoflasker måla av Bruno Piglhein (1848–1894).

Giovanni Boccaccio nemnde fiasco i Dekameronen kring 1350, som ein haldar for raudvin. Dei finst også avbilda i verk av Sandro Botticelli (Banchetto per Nastagio degli Onesti) og Domenico Ghirlandaio (Buonomini di San Martino og Fødselen til Johannes døyparen).

Frå same tid finst dokument som nemner yrket fiascaio ('fiascomakar'). Flasker på denne tida var store, med storleikar som quarto (5,7 liter), mezzo quarto (2,28 liter) og metadella (1,4 liter). Eit dekret frå 1574 fastsette stoleiken på mezzo quarto-flaska og grunnla eit byrå som sjekka storleiken på fiascoen, som blei merkt med eit blysigill om han var godkjend. Fusk der ein brukte sigillen om att førte til ei ny ordning frå 1618 der merkinga blei sett på sjølve glasflaska, og i 1621 kom eit nytt dekret som sa at flaskeopningen skulle forseglast med smelta bly. Som følgje av dette blei bastdekket gjort kortare og utelate frå flaskehalsen og øvre delen av flaska, ei utforming fiascoen har halde på sidan.

Først på 1900-talet sysselsette fiascotilverkinga kring 1 000 glasblåsarar og 30 000 bastvevarar. Ein organisasjon for tilverkarane blei grunnlagd 1933 i Empoli. På 1950-talet byrja tilverkinga av både flasker og korger å automatiserast. Samstundes spreidde bruken seg av flasker i Bordeaux-stil (bordolese). I 1965 kom ein lov som fastsette at fiasco skulle brukast for visse tradisjonelle vinar, og emballasjen blei redda frå å forsvinna. Særleg chiantivin er kjend for å seljast i fiascoflaske.

 
Gamle fiascoar i eit slott i Dozza.

EigenskaperEndra

Fiasco blir i dag hovudsakleg laga av bast frå dunkjevle, på italienska kalla sala eller salicchio. Siva blir tørka i sola og bleika med svovel. Flettinga kan vera vassrett eller loddrett. Vanlegvis har ein brukt loddrette strå til lokal bruk og vassrette strå og ei meir solid utforming for eksportflasker. I desse vassrette fiascokorgene har ein ofte også teke med eit grønt og eit raudt band som saman med dei kvitlege stråa dannar dei italienske nasjonalfargane.

Botnen er ein runding laga av stråbitar. Fiascoen kan også ha handtak av tvinna fibrar.

FiaskoEndra

«Fiasko» med tydinga 'totalt mislykka' heng på eit vis saman med korgene. Den første kjende bruken er frå Italia tidleg på 1800-talet, då det blei brukt om ei teateroppsetting som ikkje drog publikum. Ei vanleg tolking av den overførte tydinga er at omgrepet oppstod når nokon prøvde å blåsa ei fin flaske men berre lukkast med å få til noko halvflaskeaktig, ein fiasco.[1]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Bergman, Bo: Ordens ursprung: Etymologisk ordbok över 2 200 ord och uttryck, Wahlström & Widstrand, 2007, s. 95. ISBN 978-91-46-21370-3. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Fiasco