Fikenslekta
Sycomoros old.jpg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Morbærfamilien Moraceae
Slekt: Fikenslekta Ficus
L., 1753

Fikenslekta (Ficus) er ei planteslekt i morbærfamilien. Ho omfattar mellom anna fikentreet, som er kjend for frukta fiken og fikenblad, banyantre med kraftige luftrøter, bodhitre eller Ficus religiosa og den utbreidde potteplanten bjørkefiken.

Det er rundt 850 ulike artar i fikenslekta, som kan veksa til buskar eller tre. Plantane inneheld mjølkesaft. Blomstrane er einkjønna og små. Dei veks i store mengder inni ei hol, rundvoren akse med opning i toppen. Heile blomsterstanden dannar ei enkeltfrukt.

Dei fleste lever i tropisk klima. Fikentre kan dyrkast i potter i Noreg, men toler frost dårleg.

KjelderEndra

  • «Fiken», Arboretet og Botanisk hage, Milde, uib.no
  • «Fiken» (23. januar 2013), Store norske leksikon. Henta 10. desember 2013.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Fikenslekta
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.