Ficus religiosa
Ficus religiosa, også kjend som heilag fiken, gudefiken, pipal[1] og bo- eller bodhitre,[2] er eit tre i fikenslekta som er utbreidd i Sør- og Søraust-Asia. Treet er viktig i buddhismen, djainismen og hinduismen. Buddhistiske overleveringar fortel at Gautama Buddha oppnådde oppvakning under eit slikt tre. Fikentreet er også ein tradisjonell medisinplante.
Ficus religiosa | |
Ficus religiosa | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Morbærfamilien Moraceae |
Slekt: | Fikenslekta Ficus |
Art: | F. religiosa |
Vitskapleg namn | |
Ficus religiosa |
Ficus religiosa kan bli opptil 20 meter høg.[3] Borken er gråleg og sprekk etterkvart som han blir eldre. Blada er runde på fasong med ein lang flik i enden, tynne og med skinande overflate. Dei har 5-7 sidevener. Fruktene er små, på storleik med ein pupill. Dei er grøne som kart og svarte når dei er mogne.[4]
Treet blir pollinert av ein særskild veps, Blastophaga quadraticeps. På stader der både fikentreet og vepsen er innført, som Israel, Florida og Hawaii, kan Ficus religiosa vera ein invasiv art.[5]
Treet kjem opphavleg frå eit område frå Himalaya til Sør-Kina, Vietnam og Nord-Thailand. Det er utbreidd som avenytre og tempeltre, både ved hindu- og buddhisttempel.
Borken frå treet har lenge vore brukt som medisin mot sår, smittestoff, diaré, diabetes og gonorré. Blada er blitt brukt mot hudsjukdommar, giftstoff og for å regulera menstruasjonssyklusen. Frukta er blitt brukt som avføringsmiddel, og i pulverform til å behandla astma. Medisinske forsøk har mellom anna påvist verknader mot fleire smittestoff og parasittar og at planten har ein god effekt mot diabetes.[4]
Kjelder
endre- ↑ Oxford English Dictionary, Oxford University Press, 1971, p.1014
- ↑ «Ficus religiosa — Peepal». Flowers of India. Henta 3. november 2011.
- ↑ Ficus religiosa L., Globinmed.com
- ↑ 4,0 4,1 S. B. Chandrasekar, M. Bhanumathy, A. T. Pawar,1 and T. Somasundaram, «Phytopharmacology of Ficus religiosa», Pharmacognosy Review, v.4(8) 2010
- ↑ Lissa Fox Strohecker, «And then the pollinator wasp arrived…», mauiinvasive.org. Opphavleg frå Maui News (13. oktober 2013).
- Ficus religiosa, hear.org
- Denne artikkelen bygger på «Ficus religiosa» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Ficus religiosa L. , India Biodiversity Portal
- (en) Ficus religiosa i Encyclopedia of Life
- (en) Ficus religiosa i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Ficus religiosa hos ITIS
- (en) Ficus religiosa hos NCBI
- (en) Ficus religiosa hos The International Plant Names Index
- (en) Ficus religiosa hos Tropicos
- (en) Kategori:Ficus religiosa – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Ficus religiosa – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Ficus religiosa – detaljert informasjon på Wikispecies