Opna hovudmenyen

Filmen Harry Potter og ildbegeret

Harry Potter og ildbegeret er filmatiseringa av boka Harry Potter og ildbegeret av J.K. Rowling i Harry Potter-serien. Han er regissert av Mike Newell og kom ut i 2005. Boka er den fjerde i serien om «Harry Potter», og den fjerde til å bli filmatisert. Hovudrollene blir som i dei andre filmen spelte av Daniel Radcliffe, Emma Watson og Rupert Grint.

Harry Potter og ildbegeret
Dragon Challenge 19.jpg
OpphavslandStorbritannia, USA Edit this on Wikidata
SpråkEngelsk
SjangerEventyr
RegiMike Newell Edit this on Wikidata
ProdusentDavid Heyman
Mark Radcliffe m.fl.
ManusSteven Kloves
MedverkandeDaniel Radcliffe, Rupert Grint, Emma Watson, Robbie Coltrane, Ralph Fiennes, Michael Gambon, Brendan Gleeson, Jason Isaacs, Gary Oldman, Alan Rickman, Maggie Smith, Timothy Spall, Robert Pattinson, Stanislav Janevski, Clémence Poésy, Katie Leung, David Tennant, Miranda Richardson, Mark Williams, Predrag Bjelac, Frances de la Tour, Matthew Lewis, Bonnie Wright, Warwick Davis, Robert Hardy, Tom Felton, Jamie Waylett, Joshua Herdman, Shefali Chowdhury, Afshan Azad, David Bradley, Jeff Rawle, Shirley Henderson, Eric Sykes, William Melling, Tolga Safer, Adrian Rawlins, Geraldine Somerville, James Phelps, Oliver Phelps, Roger Lloyd-Pack, Natalie Hallam, Louis Doyle, Ian Whyte, Alfred Enoch, Sarah Harrison, Angelica Mandy, Tiana Benjamin, Jonny Greenwood, Robert Wilfort, Margery Mason, Anne Lacey, Jarvis Cocker, Sheila Allen, David Sterne, Funda Önal, Su Elliot, Steve Mackey, Philip Selway, Henry Lloyd-Hughes, Devon Murray, Steven Claydon, Alex Palmer, Richard Rosson Edit this on Wikidata
MusikkPatrick Doyle
SjeffotografRoger Pratt
FilmformatCinemascope
Lengd151 minutt Edit this on Wikidata
Regissøren, Mike Newell.

Filmen er ein etterfølgjar til Harry Potter og fangen fra Azkaban og oppfølgjaren er Harry Potter og Føniksordenen.

HandlingEndra

Harry Potter, som no er 14 år, drøymer om ein gammal mann, Frank Brask, som blir drepen etter å ha overhøyrd Fyrst Voldemort diskutere planar med Petter "Ormsvans" Pittelpytt og Bart Kroek Jr.. Rumpeldunkcupen lar Harry kome på andre tankar enn mareritta, inntil Voldemort sine tilhengarar kjend som Dødsetere gjer eit terrorangrep etter kampen. Kroek Jr. maner fram mørkets merke, eit teikn som viser at Voldemort er på veg tilbake.

Galtvort introduserer rektoren Albus Humlesnurr ex-Svartespanneren Alastor "Galøye" Bister som elevane sin nye lærar i Forsvar mot svartekunster. I den fyrste skuletimen med faget lærar elevane om dei utilgivelege forbannelsene. Dei er Befalio, som får offeret til å lyde, Martyrio , torturforbannelsen, og den siste, Avada Kedavra, mordforbannelsen som drep offeret umiddelbart. Humlesnurr kunngjer at Galtvort dette året skal arrangere Tretrollmannsturneringa, som er ein konkurranse der ein elev frå tre magiske skular skal delta i tre farlege prøvar. Deltakarane blir vald ut av eldbegeret, eit magisk beger som kandidatar legg ein papirbit med namnet sitt oppi. Fred og Frank Wiltersen prøvar å bruke ein aldringseleksir av di ingen under 17 år har lov å delta. Dei mislykkast. Fredrik Djervell frå Håsblås-huset, blir vald til å representere Galtvort, medan Viktor Krumm presenterer Durmstrang og Fleur Delacour blir vald frå Beauxbatons. Uvisst kvifor vel begeret ut ein fjerde deltakar; Harry. Harry er mindreårig og ikkje kvalifisert til å konkurrere. Lærarar og elevar blir mistenksame og dei fleste trur Harry har juksa seg inn i konkurransen. Dette driv Harry og Ronny frå kvarandre. Lærarane ber Humlesnurr om å få Harry ut av konkurransen, men alle deltakarane må delta grunna ein magisk kontrakt.

I den fyrste utfordringa i Tretrollmannsturneringa, må alle deltakarane få tak i eit gullegg vakta av ein drake. Galøye anbefalar Harry å bruke sitt talent for flyging til å overvinne draken. Harry brukar ein trylleformel til å tilkalle sopelimen sin, for så å fly for å få tak i egget som inneheld eit hint om den neste prøva. Elevane får snart vite at Juleballet skal ta stad, eit ball som er ein tradisjon i Tretrollmannsturneringa. Harry og Ronny slit med å finne ein date, og når Ronny finn ut at Hermine går der med Viktor Krumm, blir han sjalu.

Som gjengjeld for ei tidlegare teneste, seier Fredrik at Harry burde prøve å opne gullegget sitt under vatn for å få høyre hintet til den neste utfordringa. Med hjelp frå Stønne Stina finn Harry ut at den andre prøven skal ta stad i Svartsjøen, der det er havfolk. Harry skal hente tilbake noko verdifullt som skal bli stelt frå han. Når han førebur seg for prøva, foreslår Nilus Langballe Gjellegras, noko som kan la Harry puste under vatn ein heil time. Harry er den fyrste av deltakarane som finn den verdifulle skatten, som viser seg å vere Ronny, Hermine, Cho Chang og Fleur si syster, Gabrielle. Sjølv om Harry kjem i mål sist for å redde Ronny og Gabrielle, får han andre plass for "eineståande moralsk ånd", bak Fredrik.

Etter å ha pratet med Galøye, blir Bart Kroek Senior, som har høg stilling i departementet, funne daud av Harry. Det skjer like etter den andre prøva. Medan Harry ventar på Humlesnurr sitt kontor, kjem Harry over Humlesnurr sin tanetank, full av hans minner som Harry gjennomlev når han ser ned i den. Han ser på dødseteren Igor Karkaroff sin rettssak. Han oppgjer namn på nokre andre dødseterer, m.a. Severus Slur og Bart Kroek Jr. Humlesnurr forsvarar Slur, men Kroek Sr. blir forskrekka over sin son og, redd for at det vil påverke hans eigen høge stilling, sender han til Azkaban. Når Humlesnurr vendar tilbake i notida, fortel han Harry at han leitar etter hint i minna sine etter kvifor så mange underlege ting har skjedd sidan Tretrollmannsturneringa starta.

I konkurransen si tredje og siste prøve blir konkurrentane sendt inn i ein labyrint, der oppgåva er å finne Tretrollmannspokalen. Krum, som blir påført forbandelsen, går til åtak på Fleur og prøvar å gjere det same med Fredrik. Harry stoppar Fredrik før han går til åtak på Krumm, og dei to spring bort til pokalen. Fredrik bli fanga av levande lianar, men blir redda av Harry. Dei tek Tretrollmannspokalen saman.

Pokalen, som viser seg å vere ein Flyttnøkkel, transporterar dei to deltakarane til ein gravplass der Ormsvans og Voldemort ventar på Harry. Ormsvans myrdar Fredrik og fangar Harry. Deretter gjer han eit ritual som gir Voldemort ein ny menneskeleg kropp. Dette inneber å ta bein frå faren (Tom Venster senior), kjøt frå tenaren (Ormsvans kuttar av den eine handa si) og blod frå fienden (Harry) i ein eliksir. Voldemort tilkallar alle dødseterene (som inkluderer Draco sin far, Lucius) ved hjelp av Mørkes Merke. Dei blir vitne til ein duell mellom Voldemort og Harry. Voldemort torturerar Harry, og når dei duellerar oppstår ein forbining kalla Hexicus Historicus mellom tryllestavane deira. Dette får åndene etter dei som Voldemort sist har drepen til å kome fram, inkludert er Harry sine foreldre, Frank Brask og Fredrik. Harry blir så vidt beskytta av åndene og flyktar med Fredrik sin kropp, etter hans ynskje, ved å bruke pokalen.

Når Harry returnerar til Galtvort, fortel han Humlesnurr og Magiministeren Kornelius Bleouf at Voldemort har returnert og er ansvarleg for Fredrik sin daud. Galøye førar ein knust Harry opp i borga igjen, der han stiller spørsmål som gjer Harry mistenksam. Galøye avslørar at det var han som la Harry sitt namn i eldbegeret, assisterte Fredrik og Nilus i å hjelpe Harry, forheksa Krumm, osv. Humlesnurr, Slur og McSnurp komer og tvinger Verifiserum, ein eliksir som gjer at offeret snakkar sant, i Galøye. Han avslørar at han ikkje er den ekte "Galøye" Bister og at den ekte er fanga i den magiske kofferten til bedragaren, utanom det magiske auga og den falske leggen til den ekte Bister. Polyksiren forsvinn og den falske Galøye viser seg å vere Bart Kroek Jr., som viser eit pulserande Mørkes Merke på armen sin, noko som tydar at Voldemort er tilbake.

Like etter møtes elevane og personalet på Galtvort, Durmstrang og Beauxbatons i Storsalen for å seie farvel til Fredrik. Humlesnurr oppfordrar dei til å kjempe mot Voldemort, og elevane frå Durmstrang og Beauxbatons forlèt Galtvort.


SkodespelararEndra

ReaksjonEndra

BillettkontorEndra

Ildbegeret tente 897 million amerikanske dollar over heile verda.

Kritisk mottakingEndra

Harry Potter og Ildbegeret fekk gode tilbakemeldingar. På Metacritic fekk filmen ein score på 81, som tydar «universell anerkjennelse».

Mellom anna Harry, Ronny og Hermine sin modenskap imponerte dei fleste kritikarar. I dei tidlegare filmane har karakterane blitt framstilt som born.

UtmerkingarEndra

Filmen vann Blimp Award for Favoritt film på Kids Choice Awards i 2006.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra