Finnøya i Hamarøy

(Omdirigert frå Finnøy i Hamarøy)

Finnøya (lulesamisk Dirvik) er ei øy i Hamarøy kommune i Nordland. Øya ligg nordvest for tettstaden Innhavet, mellom Sagfjorden og Kaldvågfjorden. Øya har eit areal på 68 km². Det høgaste punktet på Finnøya er Straumfjellet på 436 moh. Finnøya hadde 52 innbyggjarar i 2001.

Finnøya
Lokalt namn Dirvik
Grenda Karlsøy med Sagfjord kirke midt i biletet Foto: TorbjørnS (2011)
Grenda Karlsøy med Sagfjord kirke midt i biletet

Foto: TorbjørnS (2011)

Geografi
Stad Ofoten
Koordinatar 68°0′28″N 15°39′12″E / 68.00778°N 15.65333°E / 68.00778; 15.65333

Areal 68 km²

Høgaste punkt Straumfjellet (436 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 52 (2001)
Folketettleik 0,8 /km²
For artikkel om øya med same namn i Rogaland, sjå Finnøy i Stavanger

Finnøya har vegsamband i søraust til Innhavet.

Spire Denne Nordlandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.