Finnøy

tidlegare kommune i Rogaland fylke i Noreg
(Omdirigert frå Finnøy i Stavanger)
Tidlegare Finnøy
Komm.nr. 1141
Fylke Rogaland fylke
Slått saman med Stavanger kommune
Dato for samanslåing 1. januar 2020
Adm.senter Judaberg
Areal 104 km²
Folketal ved samanslåing 3 197
Politikk
Siste ordførar Henrik Halleland (KrF)
Målform nynorsk
Nettstad finnoy.kommune.no

Finnøy er ein tidlegare øykommune i Rogaland fylke. Kommunen vart slått saman med Stavanger kommune 1. januar 2020. Øyane ligg inst i Boknafjorden, 13 nautiske mil nord for Stavanger. Kommunen hadde grenser mot HjelmelandOmbo. Totalt landareal var 104 km².

Kommunevåpen
«Finnøy» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå Finnøy (fleirtyding).

Judaberg var administrasjonssenter i kommunen. Folketalet per 1. januar 2018 var 3 197. Siste ordførar var Henrik Halleland.

Øyar med folkesetnad er Finnøy, Sør-Talgje, Fogn, Ombo, øygruppa Fisterøyane og øygruppa Sjernarøyane. Den største øya er Ombo, ho er delt mellom kommunane Finnøy og Hjelmeland. Sjernarøy var tidlegare ein eigen kommune og øygruppa omfattar Aubø, Bjergøy, Helgøy, Kyrkjøy, Nord-Hidle, Nord-Talgje og Tjul. Fisterøyane er dei øyane som tidlegare var del av Fister kommune omfattar Byre, Bokn, Måløy og Halsnøy.

Dei aller fleste innbyggjarane bur på 15 av øyane. Om lag halvparten av folkesetnaden bur på sjølve Finnøy, etter Finnøy har Sjernarøyane størst folketal. Tettstaden Judaberg på Finnøy er kommunesenter.

Kommunikasjonar endre

Reising mellom øyar og ut av kommunen har tradisjonelt føregått med ferjer og hurtigbåtar, men Finnøy og Talgje blei landfaste med Finnfast i 2009. Året etter blei òg brua mellom Nord-Talgje og Tjul opna, noko som inneber at seks av sju øyer på Sjernarøyane er bundne saman med veg.

Fortid endre

Ein har funne mange minne frå tidlegare tider i kommunen. Det eldste funnet er bein frå ein isbjørn som er rundt 10 600 år gammalt. Den eldste buplassen, på Bjergøy i Sjernarøyane, er 5-6000 år gammal.

Av dei ni mellomalderkyrkjene i Rogaland har Finnøy to. Talgje kyrkje frå rundt 1140 på Talgje og Hesby kyrkje frå rundt 1200 ligg på Finnøya. Sjernarøy kyrkje på Kyrkjøy er ei renessansekyrkje frå 1637.

Huset til utvandrarpioneren Cleng Peerson står på Kindingstad ved Ladstein på Finnøy.

Næringsliv endre

Hovudnæringane på øyane er jordbruk, havbruk og turisme. Nesten 50 % av dei sysselsette arbeider innanfor landbruk. Tomatdyrking har ein særskild plass i økonomien. Eggproduksjon er òg viktig med 155 000 verpehøns i kommunen i 2003.

Tusenårsstad endre

Finnøy sin tusenårsstad er Teigen amfi, planlagt av Heidi K. Urtegård, offisielt opna 5. juni 2005. Det ligg i Teigen friluftsområde, og er eit 90 dekar stort skogsområde med turstiar og variert vegetasjon. Amfiet blir brukt til kulturelle arrangement.

Kjende finnøybuar endre

Bakgrunnsstoff endre