Finn Bryn

norsk arkitekt

Finn Bryn (fødd 9. desember 1890 Aker (Oslo), død 15. september 1975 Oslo) var ein norsk arkitekt.[1] Han vart uteksaminert frå Noregs tekniske høgskole i 1916 og byrja å arbeide for Georg Greve i Bergen frem til 1917, der han gjekk over til å arbeide under Arnstein Arneberg fram til 1922. I 1921 teikna han sommarhuset ved Bergensleden for Wesenberg. I 1922 var Bryn med på å skipe arkitektkontoret Finn Bryn og Johan Ellefsen i Oslo. I 1939 fekk Finn Bryn oppdrag å teikne Noregs paviljong til verdsutstillinga i New York, og året etter hadde han eigen praksis i Oslo.

Finn Bryn

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. desember 1890
Christiania
Død

15. september 1975 (84 år)
Oslo

Yrke arkitekt
Finn Bryn på Commons
Institutt for teoretisk astrofysikk held til på Blindern i «Svein Rosselands hus» teikna av Bryn

Bryn er mellom anna kjend for universitetsbygg på Blindern i Oslo, Aftenpostens hus og Molde domkyrkje. Saman med mellom anna Bernt C. Lange og Håkon Christie var han involvert i restaureringa av Ringsaker kyrkje på 1960-talet. Bryn vart tildelt St. Olavs Orden i 1971.

Litteratur endre

  • Gunnarsjaa, Arne (2007). Arkitekturleksikon. Oslo: Abstrakt Forlag AS. s. 133–134. ISBN 978-82-7935-197-9. 
  1. Finn Bryn på SNL lese 6. april 2013.