Opna hovudmenyen

Koordinatar: 62°44′18.150″N 7°9′37.220″E

Molde domkyrkje
domkyrkje
Moldedomkirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Molde
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Molde domprosti
Type langkyrkje
Arkitekt Finn Bryn
Teknikk mur
Material jernbetong
Innvigd 1957
Tårn frittståande, 50 m
Kor Apsis med høg tårnkjegle
Skip toskipa
Kyrkjegard Nei
Preikestol polygonal med pinjemotiv, laga av John Schevik
Døypefont bronse
Altar 1: Krusifiks med evangelistene på korsarmene av Stinius Fredriksen,
2: «Oppstandelsen» av Axel Ender
Sitjeplassar 900
Diverse Basilika
Glassmaleri på vestveggen: «Betlehemsstjernen» av Finn Bryn
Wikimedia Commons: Molde domkirke

Molde domkyrkje er ei kyrkje i Molde, som vart innvigd i 1957 og har sidan 1983 vore domkyrkje for Møre bispedømme. Bygget er ei toskipa langkyrkje i mur (armert betong). Kyrkerommet er 65 meter langt, 25 meter høgt og har 900 sittjeplassar. Det 50 meter høge tårnet er frittståande med urverk og klokkespel. Altertavla er laga av Stinius Fredriksen.

Molde domkyrkje er døme på kyrkjebygg frå gjenreisinga etter andre verdskrigen då arktitekuren var knytt til den tradisjonelle langkyrkjeforma, men med nye materialar som armert betong. Bodø domkyrkje er eit anna døme.[1]

HistorieEndra

Dette er det fjerde kyrkjebygget på denne staden i Molde, litt lenger sør enn dei tidlegare bygga. Til 1900 fungerte grunnen rundt kyrkja som gravplass for byen. Den første kyrkja var ei tømra krosskyrkje reist i 1661–62. Ho vart riven og ei ny sett opp i om lag same stil i 1841–42. 17. mai 1885 brann kyrkja ned, kanskje på grunn av eit skot med saluttkanon. Ei ny langkyrkje i tre var ferdig i 1887, men brann då Molde vart utsett for kraftig tysk bombing under andre verdskrigen. Berre altertavla, Axel Enders «Oppstandelsen», og eit trekors vart redda. Altertavla står i dag ved nordveggen i den nye kyrkja.

Dagens kyrkjebygg vart utforma av Finn Bryn etter ein arkitektkonkurranse, og bygginga tok til åtte år etter frigjeringa. Grunnsteinen vart lagt ned 18. juni 1953 og 8. desember 1957 vart den nye kyrkja innvigd.

KjelderEndra

  1. «Molde domkirke». Kyrkjesøk. Henta 17. november 2017. 

BakgrunnsstoffEndra