Finnegans Wake
Finnegans Wake er den siste romanen til James Joyce. Han kom ut i 1939, 17 år etter Ulysses. Namnet på verket er henta frå den irske songen «Finnegan's Wake».
| |||
Forfattar(ar) | James Joyce | ||
---|---|---|---|
Språk | engelsk | ||
Blei til | 1923 | ||
Sjanger | sui generis, eksperimentell litteratur, Menippean satire | ||
Utgjeven | 4. mai 1939 | ||
Forlag | Faber & Faber |
Verket har ein svært særmerkt, vanskeleg tilgjengeleg stil. Språket i boka er engelsk men blanda med over 60 andre språk i eit einaste samansurium av ordspel både på engelsk og dei andre språka. Teksten er spekka med allusjonar og skjulte sitat, ofte endra slik at to sitat er fletta inn i kvarandre. Sjølve handlinga blir i alt dette skjult eller i beste fall svært vanskeleg å få tak i. Litteraturvitarar og andre har sidan utgjevinga diskutert den eigentlege meininga med verket. Medan til dømes Harry Burrell har brukt eit titals år på å påvisa korleis heile verket eigentleg handlar om skapingssoga i Bibelen, har andre understreka korleis ein slik analyse reduserer nettopp det kaoset Finnegans Wake er meint å vera.
Stil
endreDen første setninga i verket viser skrivestilen:
- riverrun, past Eve and Adam's, from swerve of shore to bend of bay, brings us by a commodius vicus of recirculation back to Howth Castle and Environs.
- «Commodious vicus» viser til Giambattista Vico (1668–1744) og gjennom dette det sykliske historieomgrepet hans og dei fire tidsaldrane han omtalte: Tidsalderen til gudane, heltane og menneska i tillegg til ein såkalla ricorso, ein mindre overgang tilbake til byrjinga. Også Finnegans Wake består av tre store delar pluss ein mindre til slutt. Dessutan går siste setning A way a lone a last a loved a long the rett over i riverrun i byrjinga av verket: romanen er syklisk, har inga byrjing eller slutt, noko også denne setningen viser til.
- «riverrun» kan tolkast som elveløp, Erinnerung (tysk for erindring), riveran (italiensk dialekt for Dei vil koma), riverrain (engelsk for 'elvsk, har med elv å gjera'), rêverons (fransk for lat oss drøyma), og fleire andre tydingar.
- Howth head er ei halvøy i Dublin, byen der handlinga i Finnegans Wake er lagt.
- Howth Castle and Environs gjev initialane HCE, som viser til hovudpersonen. Desse initialane kjem igjen gjennom heile boka: den mest kjende samanstillinga, og det som gjerne er rekna som namnet til hovudpersonen, er Humphrey Chimpden Earwicker. (Den kvinnelege hovudpersonen heiter Anna Livia Plurabelle, eller ALP.)
Norsk
endreSiden Joyce tok utgangspunkt i Dublin og irsk historie, er det naturleg at det er mykje norsk materiale i Finnegans Wake. Til dømes er ei av historiene som blir fortalde i boka om ein norsk skreddar, og ord som bakvandets, Knut Oelsvinger eller Bygmester Finnegan. Dette siste sitatet viser også at Joyce brukte Ibsen: stort sett alle verka til Ibsen, mange av figurane hans og også nokre sitat fletta inn i nettverket av tekst. Joyce beundra Ibsen, og då han blei kjend med Nora Barnacle, nemnde han den andre Nora, hovudpersonen i Et dukkehjem, men frøken Barnacle visste ingenting om henne. Medan Joyce jobba med Finnegans Wake ønskte han å leggja inn referansar til skandinavisk språk og litteratur, og han hyra etterkvart fem norsklærarar. Den første av dei var Olaf Bull. Joyce ønskte å lesa norske verk på originalspråket, mellom anna Norrøne Gude- og Heltesagn av Peter Andreas Munch. Han var på jakt etter ordspel og sære assosiasjonar på tvers av språkbarrierane, og dette var noko Bull kunne leve seg inn i. Linjer frå dikta hans går igjen i «dette spindelvev av ord», som Joyce sjølv kalla Finnegans Wake, og Bull sjølv dukkar opp der under namnet «Olaph the Oxman».[1]
Utgåver
endreSidan verket er så ugjennomtrengeleg og krev så mykje tolking, har den første utgåva blitt den einaste utgåva. Alle utgåver av Finnegans Wake har same sidetal og likt tal linjer på kvar side, slik at det skal vera lettare å referera til stader i teksten.
Verket er ikkje blitt omsett til norsk, men forfattaren Leif Høghaug er i gang med eit prosjekt for å omsetja verket som er tenkt å vara ferdig i 2020. Den norske gjendiktinga av Finnegans Wake vil koma ut på Samlaget. Han vil nytta «mylderet vi har av dialekter, nynorsk, riksmål og bokmål, og alt dette som støytar saman i ein kakofoni» i attdiktinga.[2]
Påverknad på andre fagfelt
endre«Three quarks for Muster Mark» (frå side 383) er opphavet til omgrepet «kvark» i fysikken.
Finn's Hotel
endreI 2013 blei Finn's Hotel, som er ei samling av ti korte tekstar skrivne av Joyce i 1923, gjeven ut på Ithys Press. Forlaget meinte boka burde lesast som ein forløpar for Finnegan's Wake.[3]
Kjelder
endre- ↑ Fredrik Wandrup: «Norsklærer Bull», Dagbladet 22.juni 2004
- ↑ «Finnegans Wake på norsk», Mynewsdesk (på norsk), henta 24. februar 2020
- ↑ "Finn's Hotel by James Joyce", Ithys Press
- Denne artikkelen bygger på «Finnegan's Wake» frå Wikipedia på bokmål, den 24. februar 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- Finnegans Wake Extensible Elucidation Treasury (FWEET)
- Finnegans Wake i fulltekst Arkivert 2005-12-03 ved Wayback Machine.
- Finnegans Wake med noter
- En kortere utgave av Finnegans Wake
- Utgaver av Finnegans Wake
- The James Joyce Scholars' Collection tekster av flere Joyce-forskere.
- Finnegans Wiki, et forsøk på å wikifisere FW
- Sekundærlitteratur
- Samuel Beckett; William Carlos Williams; mfl. Our Exagmination Round His Factification For Incamination Of Work In Progress (Shakespeare and Company, 1929)
- Bishop, John. Joyce's Book of the Dark: Finnegans Wake. (University of Wisconsin Press, 1986)
- Burrell, Harry Narrative Design in Finnegans Wake:The Wake Lock unpicked (University Press of Florida, 1996)
- Burgess, Anthony (red.) A Shorter Finnegans Wake (1969)
—, Here Comes Everybody: An Introduction to James Joyce for the Ordinary Reader (1965); også publisert som Re Joyce. —, Joysprick: An Introduction to the Language of James Joyce (1973)
- Joseph Campbell og Henry Morton Robinson. A Skeleton Key to Finnegans Wake (1944)
- Ellmann, Richard. James Joyce. (Oxford University Press, revised edition 1983)
- Hart, Clive. Structure and Motif in Finnegans Wake. (Northwestern University Press, 1962)
- McHugh, Roland. Annotations to Finnegans Wake. (Johns Hopkins University Press, 1991)
—, The Sigla of Finnegans Wake. (University of Texas Press, 1976) —, The Finnegans Wake Experience. (University of California Press, 1981)
- Eric Rosenbloom. A Word in Your Ear: How & Why to Read James Joyce's Finnegans Wake. (Booksurge Publishing, 2005)
- William York Tindall. A Reader's Guide to Finnegans Wake. (Syracuse University Press, 1996 (først utgitt 1969))