Firkantkurve

(Omdirigert frå Firkantbølgje)

Ei firkantkurve er ei kurveform som periodisk vekslar mellom to nivå. Ei perfekt firkantkurve ville ha uendeleg stor bandbreidd,[1] så fysiske storleikar, som spenning, straum, lydtrykk osv. er perfekte firkantkurver. Ei firkantlydbølge vert av dei fleste opplevd som hard og noko ubehageleg, ikkje ulikt lyden som oppstår når ein bles hardt i til dømes ein trompet.

Animasjon av ei syntese av ei firkantkurve. Ein startar med ei sinuskurve og legg til ulike (oddde) harmoniske komponentar, med avtakande amplitude. Kurva vert meir og meir lik ei firkantkurve etter som fleire overharmoniske komponentar vert lagt til.

Bruk endre

Firkantkurver spelar ein sentral rolle i matematiske fag som digital signalhandsaming, telekommunikasjon, kybernetikk, osv. Klokkesignalet i digitale krinsar er tilnærma firkantkurver, med konstant frekvens. Binære signal i digital elektronikk endrar òg verdi svært snøgt og har steile flankar, men tidspunktet for nivåendringane avheng av informasjonen dei representerer, så dei er ikkje reine firkantkurver. Eit anna døme på praktisk bruk er linjekodar, som til dømes manchesterkoding, som vert nytta for å overføra bitsekvensar i basebandet.

Kjelder endre

  1. Baher, H., Analog & digital signal processing, 2. utg., John Wiley & Sons, 2001.