Firs Zjuravlev
Firs Sergejevitsj Zjuravlev (10. desember 1836–4. september 1901) var ein russisk sjangermålar.[1]
Firs Zjuravlev | |
Fødenamn | russisk Фирс Сергеевич Журавлёв |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 10. desember 1836 Saratov |
Død |
4. september 1901 (64 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | portrett, sjangermåleri |
Firs Zjuravlev på Commons |
Liv og virke
endreZjuravlev var elev ved Det russiske kunstakademiet, der han studerte historiemåleri under Timofej Neff og Fjodor Bruni.[2] I 1863 blei han del av «Opprøret til dei fjorten», ei gruppe elevar som støtta realismen og protesterte mot at Kunstakademiet insisterte på klassisistisk stil. Saman med dei andre trekte han seg ut av skulen. Kort tid seinar var han med Ivan Kramskoj om å skipa Kunstnarkollektivet eller Artel, ei gruppe målarar som delte atelier og budde saman på Vasiljevskij-øya.[3] Han underviste også i teikning ved Selskapet for støtte av kunst (1866, 1871–72). Frå 1862 til 1874 blei han overvaka av politiet for påståtte band til revolusjonære grupper, kanskje på grunn av samfunnskritikken som var del av mange av avbildingane hans av bondeliv.[2]
Han hadde si fyrste utstilling ved Kunstakademiet i 1868. Seks år seinare gav ei utstilling av verka hans han tittel som akademimedlem. I 1888 og 1889 var han med på utstillingane til samansluttinga av vandreutstillingar, Peredvizjniki, men han blei aldri formelt medlem av gruppa.[4] Han tok også del i Centennial Exposition i Philadelphia i 1876, Exposition Universelle i Paris i 1889 og den All-russiske utstillinga i 1896.
I tillegg til oljemåleria sine var Zjuravlev med på å dekorera Frelsaren Kristus-katedralen i Moskva[5] og Fødselskatedralen i Riga, og laga mosaikkar for Oppstodekyrkja i St. Petersburg.
Verk i utval
endre-
'Spinnaren' (Пряха, 1864)
-
Portrett av Maria Aleksandrovna, 1870-talet
-
'Kona er moteelskar' (Жена-модница, 1872)
-
'Stemora' (Мачеха, 1874)
-
'Tiggande barn' (Дети-нищие 1870)
-
'Ulikt ekteskap' (Неравный брак, 1880)
-
'Kontorarbeidaren' (Чиновник, 1884)
-
'Feiaren' (Трубочист)
-
'Russisk venleik' (Русская красавица
Kjelder
endre- ↑ Great Soviet Encyclopedia, General editor A. M. Prokhorov, Moscow 1972 Vol.9 "Евклид — Ибсен" Журавлёв Фирс Сергеевич
- ↑ 2,0 2,1 RusArtNet: Brief biography
- ↑ S. A. Ekhstut, Шайка передвижников. История одного творческого союза (The Peredvizhniki. Story of a Creative Union), Moscow, Дрофа 2008 ISBN 978-5-358-01904-1
- ↑ Elena Savelyeva, Такой пикантный «мрак тёмного царства» (This Piquant "Doom of the Dark Kingdom"), Radishchev Art Museum (exhibition catalog) 2003.
- ↑ Фирс Сергеевич Журавлев, Федеральное хранилище «Единая коллекция цифровых образовательных ресурсов» (Federal Depository of Digital Educational Resources), National Training Foundation, 2010 arkivkopi, arkivert frå originalen 17. april 2013, henta 2. juli 2021
- Denne artikkelen bygger på «Firs Zhuravlev» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2021.