Firth of Thames
Firth of Thames er ei stor havbukt nord på Nordøya på New Zealand. Ho er utløpet til elvene Waihou og Piako. Den førstnemnde vart tidlegare kalla Thames River, etter byen Thames som ligg på søraustkysten i bukta. Det opphavlege (maori)namnet er Tikapa.

Bilete som viser Haurakigolfen (i sentrum). Firth of Thames er den store bukta mot søraust. Biletet vart teke av NASAs Terrasatellitt, 23. oktober 2002.
Bukta ligg i sørenden av Haurakigolfen, søraust for byen Auckland. Ho dekkjer ein graben mellom Coromandelhalvøya og Hunua Ranges som held fram inn i Hauraki Plains i sør.
VernEndra
Firth of Thames er ein viktig tilhaldsstad for vadefuglar, og er rekna mellom våtmarksområde av internasjonal interesse i Ramsarkonvensjonen. Fuglelivssenteret Miranda Shorebird Centre, drive av Miranda Naturalists' Trust, ligg på vestbreidda i bukta ved Miranda.
- Denne artikkelen bygger på «Firth of Thames» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2008.