Coromandelhalvøya

(Omdirigert frå Coromandel Peninsula)
Denne artikkelen handlar om halvøya. For den indiske regionen med liknande namn, sjå Coromandelkysten.

Coromandelhalvøya (Coromandel Peninsula ) ligg på NordøyaNew Zealand. Halvøya høyrer til regionen Waikato og strekkjer seg 85 km nordover frå den vestlege avgrensinga til havbukta Bay of Plenty, og dannar slik ein naturleg barriere som gir ly til Haurakigolfen og Firth of Thames mot vest frå Stillehavet mot aust. På det breiaste er halvøya 40 km. Mest all busetnad ligg på dei smale landstripene langs kysten i Haurakigolfen og i Bay of Plenty. Den største byen i landet, Auckland, ligg på motsett side av Haurakigolfen, 55 km mot vest. I godvêr er halvøya klårt synleg frå byen. Namnet kjem frå orlogsskipet «Coromandel» som tidleg på 1800-talet fleire gonger segla inn i Haurakigolfen og Firth of Thames og nærliggjande stader på leiting etter kauritømmer.[1]

Coromandelhalvøya

Geografi endre

 
Motukawao Islands og Haurakigolfen sett frå nærleiken av Colville.
 
Waikawau Bay på Coromandelhalvøya.

Topografisk er halvøya for ein stor del bratt åslandskap, kledd av subtropisk regnskog.

Åsrekkja Coromandel Range dannar ein opptil nesten 900 m høg rygg langsetter halvøya. Den store øya Great Barrier ligg utanfor nordspissen, Cape Colville, og kan sjåast på som ei forlenging av denne åsryggen. Great Barrier Island er skild frå Cape Colville med sundet Colville Channel.

Sjølv om halvøya ligg nær større folketette område, som til dømes Auckland i vest og Tauranga i søraust, har det ulendte landskapet hennar ført til at større delar av henne ligg heller avsides, og dei indre delane og nordspissen er båe for ein stor del udyrka og spreidd busett. Eit naturvernområde dekkjer mykje av det indre på halvøya.

Talrike småøyer og øygrupper ligg utanfor halvøya, som til dømes Motukawao Islands i nordvest, Alderman Islands og Slipper Island i søraust, og Mercury Islands i nordaust.

Geologi endre

Halvøya viser tydelege teikn på tidlegare vulkansk aktivitet. Ho består av dei eroderte leivningane av den vulkanske sona Coromandel Volcanic Zone, som var aktiv i miocen- og pliocentida. Den vulkanske aktiviteten flytta seg seinare søraust til Taupo Volcanic Zone. Halvøya ligg også nær det vulkanske området i Auckland, Auckland Volcanic Field, som byr fram ulike slag vulkansk aktivitet. Geotermisk aktivitet er framleis tilstades på halvøya, med varme kjelder fleire stader. Mest kjend er Hot Water Beach, som ligg sentralt på austkysten mellom Whitianga og Tairua.

Busetnad endre

 
Tairua på Coromandelhalvøya.
 
Utsyn over Mercury Bay frå vegen mellom Tairua og Whitianga på Coromandelhalvøya.

Som nemnt fører landskapet på halvøya til at det meste av busetnaden på Coromandel er konsentrert langs søraust- og sørvestkysten i eit mindre tal byar og tettstader.

Berre fem busetnader på halvøya har meir enn 1000 innbyggjarar: (Coromandel, Whitianga, Thames, Tairua, og Whangamata), av desse har berre Thames eit innbyggjartal over 5000. Fleire mindre busetnader ligg langs kysten av Firth of Thames i sørvest. Andre mindre byar på halvøya er Whiritoa, Hikuai, Pauanui og Colville. Folketalet i fleire av desse sentera varierer sterkt, ettersom mange menneske frå Auckland har fritidsbustadar på Coromandel. I jule- og nyttårshelga summar Coromandel av aktivitet, særleg på austkysten i Whangamata, Whitianga og Pauanui, der ungdommar og familiar frå heile Nordøya kjem for å tilbringa høgtida.

Halvøya er også vorten ein populær tilhaldsstad for menneske som har valt ein alternativ livsstil, og særleg for dei som har bestemt seg for ikkje å bu i Auckland. I 1970-åra flytta tusental hippiar frå dei større byane kring på New Zealand til Coromandel i leiting etter ein miljøvenleg livsstil knytt til motkulturrørsla «Attende til naturen». I det siste har ei aukande mengde velståande aucklendarar også flytta til Coromandel.

Folketettleiken minkar både med fråstanden frå kystane og di lengre nord ein kjem. Av hovudbusetnadane ligg berre Coromandel, Colville, og Whitianga nord på halvøya, og mykje av innlandet er i røynda ubygd.

Tvillingbyane Waihi og Waihi Beach, søraust på halvøya, vert ofte rekna med i Coromandelområdet, sjølv om dei strengt teke ikkje ligg på sjølve halvøya, dei ligg like nord for Karangahake Gorge, passet som markerer sørenden til Coromandel Range.

Næringar og attraksjonar endre

 
Verna regnskog sentralt på Coromandelhalvøya

Området var tidlegare mest kjent for gull- og kolgruvedrift og kauriindustrien som gjekk føre seg der, men er no eit mekka for turistar, særleg økoturisme. Eit naturvernområde, Coromandel Forest Park, dekkjer mykje av dei sentrale områda på halvøya, og kystlinja er overstrødd med fine strender og utsiktsstadar.

Vitnemål om det geotermiske opphavet til området kan finnast i varme kjelder, særleg i Hot Water Beach på austkysten til halvøya. Byen Whangamata er ein populær feriestad, og Whitianga ved Mercury Bay er kjend for båtsport. Sjøen omkring halvøya utgjer òg populære område for sportsdykking.

Transport endre

Byane og busetnadane er knytte saman med riksvegane State Highways 25 og 25A som går i ein runde kring halvøya. Ved basis av halvøya har byane Paeroa og Waihi samband med kvarandre med ein veg som går gjennom passet Karangahake Gorge som skil Coromandel Range frå Kaimai Ranges. Ikkje alle vegane på halvøya har fast dekke, fleire har eit dårleg «rykte», og somme bilutleigefirma kontraktfestar at deira bilar ikkje skal køyrast på desse vegane. Generelt har vegstandarden på halvøya betra seg dei seinare åra.[2]

 
Opito Bay på Coromandelhalvøya

Referansar endre

  1. http://www.teara.govt.nz/1966/C/CoromandelRange/CoromandelRange/en Te Ara Encyclopedia of New Zealand.
  2. Harper, Mudd,Whitfield & Hall The Rough Guide to New Zealand (2006) ISBN 1-8453-679-X side 402.

Bakgrunnsstoff endre

37°00′59″S 175°40′43″E / 37.01639°S 175.67861°E / -37.01639; 175.67861