Hauraki Plains er eit sletteområde nord på NordøyaNew Zealand. Området ligg 75 km søraust for Auckland, ved foten av Coromandelhalvøya, og dekkjer den sørlege delen av ein graben som er avgrensa mot aust av åsane i Kaimai Ranges, og mot vest av eit bakkelandskap som avgrensar Hauraki Plains frå dei mykje større slettene (Waikato Plains) ved Waikatoelva. Administrativt høyrer slettene for det meste til Hauraki District.

Hauraki Plains
Land  New Zealand
Kart
Hauraki Plains
37°17′S 175°32′E / 37.28°S 175.54°E / -37.28; 175.54
Wikimedia Commons: Hauraki Plains
Fargebilete teke av NASA sin Terra-satellitt 23. oktober 2002. Hauraki Plains ligg sør for den store bukta Firth of Thames nede til høgre for sentrum.

Dei alluviale slettene er oppbygde av sediment som elvene Piako og Waiho har lagt frå seg. Dei renn nordover, og munnar ut i sjøen i Firth of Thames, og tidlegare i den forhistoriske Waikatoelva. Landskapet som er resultat av dette, er flatt, har mykje torvmyrer og er delvis sumpmark, men byr òg på framifrå jordsmonn for storfe, og mjølkeproduksjon som er hovudindustrien her.

Turismen i Hauraki Plains-området har vakse snøgt dei siste få åra, og bidreg direkte til økonomien i distriktet. I sommarmånadane er sysselsetjinga her høgare enn det nasjonale gjennomsnittet.

Den største byen på slettene er Ngatea, og byen som ligg nærast Ngatea er Turua. Den større byen, Te Aroha, ligg nær den sørlege grensa til slettene, der dei møter Thames Valley.

Historie endre

Danning endre

For 2-3 millionar år sidan sokk eit stort stykke av jordskorpa ned 500-2000 meter og danna Hauraki-graben. Den dåverande Waikatoelva rann i periodar gjennom dalen som vart danna og ut i Haurakigolfen, seinast gjennom dalføret Hinuera Valley for om lag 20 000 år sidan. Over tid vart Haurakibassenget gradvis fylt opp med pimpstein, gjørme og grus.

Sumpland endre

Etter at Waikato River for siste gong fekk utløpet sitt på vestkysten, vart elvene Waihou og Piako danna. Desse to elvene førte med seg slam ut i havbukta Firth of Thames.

Slettene var rike på mangrove og der var tette skogar med kahikateatre (Dacrycarpus dacrydioides). Det meste av jordsmonnet var rå torvmyr, frå ein til meir enn tjue meter djup. Elles var her sumpar og myrer, tilhaldsstad for ville ender og ål.

Ein gong i året gjekk elvene Waihou og Piako River over breiddene sine. Folk som budde kring Hauraki ønska at regjeringa skulle gje løyve til å drenera landet, men styresmaktene meinte at dette ikkje var mogeleg. I alle høve låg delar av Hauraki Plains to meter under havnivået.

Men folk gav ikkje opp, og i 1908 gjekk det igjennom ei lov som gav folk løyve til å drenera landet. Det vart eit svært arbeid som skulle vara i dryge ti år.

Den første tildelinga av land endre

I 1910 vedtok regjeringa å opna eit område på 66 km2 for busetjing på Hauraki Plains, og at det ville verta loddtrekking om dei einskilde landpartane. Dette førte til stor interesse, ikkje berre mellom framtidige nybyggjarar, men òg frå forretningsmenn i Thames Valley. Den 18. mai 1910 vart dei første tildelingane av land gjorde. Prisane låg mellom 10 og 15 dollar for ein acre (4,0467 dekar), avhengig av kor mykje land som vart kjøpt, og om det låg på ein god stad. Somme av dei beste områda hadde 99 søkjarar.

Flaumkontroll og drenering endre

 
Kontroll av flaumnivået i Piako-elva spela ei stor rolle under arbeidet med drenering av Hauraki Plains.

Arbeid med å leggje til rette for busetnader i landområdet starta straks området vart opna. Det første ein tok fatt på, var flaumkontroll. Piako-elva, som gjekk over breiddene sine minst ein gong om året, måtte få flaumvern langs elvebreiddene, både til vern mot flaum og tidvatn. Dei som skulle driva jordbruk måtte grava dreneringsgrøfter gjennom jorda si. Grøftene var ein til to meter breie. Desse dreneringsgrøftene tømde seg så i større grøfter som frakta vatnet til kanalar. Her vart det sett opp flaumportar som let vatnet sleppa ut i kanalane, men ikkje attende. Då dreneringa var ferdig, var meir enn 75 % av våtmarksområda i Hauraki Plains borte. Drenering var berre det første steget for å få i stand jordbruksland. Straks jorda var halvvegs tørrlagt, måtte ho gjerast til beitemarker. Kratt, tømmer og trerøter måtte ryddast, og jorda måtte jamnast til.

Elvetransport endre

Elvetransport var klårt den beste måten å få inn varer, folk og dyr til Hauraki Plains den første tida, ettersom vegar anten ikkje fanst eller var i dårleg stand.

Båttrafikk endre

 
Dampbåtar ved Kaihere Landing i 1922.

Skip i alle storleikar gjekk i rute på elvene i Hauraki Plains, frå små robåtar til større barkar, men dei fleste var dampdrivne med maskinar laga av A & G Price i Thames.

Etter som industriverksemdene greip om seg (som til dømes gruvedrift i Waihi), trongst det større båtar for å frakta større mengder gods. Storparten av båtane var dampbåtar, somme hjuldamparar. Større passasjerbåtar hadde luksuriøse salongar for menn og kvinner, dekorerte med fløyel og med måleri på veggene. På somme båtar var det jamvel blåseorkester og plass for å dansa på dekka. Der var rom for hestar og vanleg fraktgods. Somme lastebåtar og lekterar kunne opnast på sidene for å gjera lasting og lossing langs elvebreiddene lettare. Dette kom særleg til nytte når husdyr skulle fraktast.

Under ein gruvestreik vart hotella stengde av styresmaktene, men det var tillate å drikka alkohol på ein båt som ikkje låg i ro. Folk kunne derfor ta seg ein dagstur med båt berre for å gå i baren.

I 1877 tok store tømmerskip, barkar, seg opp til Bagnalls sagbruk i Turua for å ta om bord tømmer frå kahikateatre og transportera det til Auckland og Australia. Leivningane etter bryggjene som skipa nytta er enno synlege. Då Bagnallfamilien først kom til Turua og ville gå til kyrkje i Thames, rodde dei først til Kopu, og gjekk så dei siste åtte km til Thames.

Ved Ngatea (tidlegare kalla Orchard), Pipiroa, Kopu og Paeroa var det flåtar, kalla punts, som frakta folk, hestar og vogner over elva for ein liten skilling. Ved Te Aroha var det strekt eit ståltau over elva. Først var ein maorikano bunden til tauet, slik at folk kunne dra seg over, seinare vart kanoen erstatta av ein flåte med ein vinsj, og folk kunne vinsja seg over elva for to shilling.

Elver endre

Geologar har vist at for svært lenge sidan rann Waikato river gjennom Hinurea valley og fylte opp Hauraki bassenget med pimpstein, gjørme, drivved og grus i ei djupn på over 400 meter. Der er enno synlege spor etter havstrender mellom Shelly Beach og Maukoro.

Før europeiske nybyggjarar kom til Hauraki Plains, var der 400 km² av torvmyrer og sumpland som var liksom ein stor dam som to større elver, Waihou og Piako, rann gjennom.

I hundrevis av år brukte maorifolket elvene for å koma til dei rikelege matressursane i sumpen. Då europearane kom, brukte dei også elvene til transport. Fordi Hauraki Plains var sumpland utan vegar som kunne transportera folk og varer, måtte forsyningar og det som vart produsert fraktast med båt.

Gullgruvedrifta bringa mange skip opp elvene Waihou og Ohinimuri med tunge maskinar og gruvearbeidarar om bord. Der var til og med bygd ei særskild sterk kai ved Paeroa av di ein var redd for at ei vanleg ville kollapsa når maskinar vart lossa på henne.

Bagnells sagbruk ved Turua vart bygd for å saga opp dei store kahikateatrea som voks der. Store barkar kom opp elvene ved høgvatn for å ta med seg trelasta, noko av den vart frakta til Australia som material til smørkasser.

Etter at krattet og kahikateatrea var rydda bort, måtte nybyggjarane skaffa seg alle slag forsyningar, frå mat til husdyr, og båtar og elvene frakta alt dette inn i området.

I pionertida var elvene navlestrenger i Hauraki Plains, men etter som vegane vart betre, og det vart bygd bruer, avtok behovet for elvetransport. No er alt borte, utanom ferja som går opp Waihou til Paeroa frå Auckland, og lekteren som går opp i Kopu for å henta skrapjarn.

Waihou endre

 
Waihouelva ved Turua.

I 1769 segla kaptein James Cook opp Waihouelva for å sjå på «dei høge trea som smykka elvebreiddene». Han var den første europearen som reiste opp elva. Waihou minte han om Themsen i London, så han gav elva namnet River Thames. Sjølv om namnet vart hengande ved elva i lang tid, er ho no mest kjend som Waihou. Oppdaginga hans av kahikateatreet (Dacrycarpus dacrydioides) bringa seinare mange skip til området for å frakta trelast.

På 1900-talet var Waihou seglbar opp til Matamata, fordi utviklinga enno ikkje hadde ført til tilmudring i elva. Når ein drog oppetter elva, passerte ein først Kopu til venstre, så Turua til høgre, Matatoki, Puriri, Hikutaia, Paeroa og Te Aroha til venstre, og til sist Matamata til høgre.

Piako endre

 
Piakoelva i Ngatea.

Piako-elva er mykje mindre enn Waihou, men ho var like viktig som Waihou for uviklinga av Hauraki Plains.

Segla ein oppetter Piako, passerte ein først Pipiroa til høgre, deretter Ngaeta, også til høgre følgt av Kerepehi, og den siste byen som kunne nåast med båt, var Patetonga.

Forsyningar vart tekne opp Piako med ei lita jakt, seinare med ein større, open båt. Båten var hovudkontakten med sivilisasjonen for nybyggjarane, som for det meste var ungkarar, og det var greiare for desse å eta gammalt brød som kom opp med båten ein gong i veka, enn å baka sjølve. Båten hadde òg med post, og tok med seg fløyte attende til Kopu, ein tur som tok fire timar.

Elvene var ei viktig livsnerve for folk i området i den tidlege pionertida, og dei høyrer enno med i det daglege livet i området, men ikkje lenger i så stor grad som dei eingong var.

Kopuatai Peat Dome endre

Kopuatai Peat Dome er med ei flatevidd på 102,01 km² det største uforandra torvområdet på New Zealand, og er også eineståande i verdssamanheng. Det er verna av lovgjeving (The Conservation Act 1987) og administrert av Miljødepartementet (Department of Conservation (DOC)). 54 fuglearter har vore observerte i Kopuatai Peat Dome. 27 er verna, 17 er utan vern og 10 er jaktbare fuglar. Den trua australrøyrdrum, (Botaurus poiciloptilus) er å finna i våtmarksområdet saman med andre trua fuglearter, som til dømes bandrikse, (Gallirallus philippensis assimillis), ein underart av dvergrikse, (Porzana pusilla affinis), og av bregnesongar (Megalurus punctata vealeae).

Whangamarino endre

 
Whangamarino

Whangamarinovåtmarkene som ligg i Miranda/Kaiaua-området, er dei nest største torv- og sumpvåtmarkene på Nordøya på New Zealand. Ramsarkonvensjonen (Traktat om vern av våtmarker) inkluderer her 59,23 km² torvmyr, sumpland, mesotrofiske avsetjingar og ope vatn og elver som er tekne hand om som både våtmarks- og viltreservat av miljøstyresmaktene (DOC).

Våtmarksvern endre

I 1840-åra dekte eit våtmarksområde estimert til 1100 km² dei lågare delane av Waikato og Hauraki Plains. Seinare har 85 til 90 % av våtmarksområda på New Zealand gått tapt. Miljødepartementet (DOC) reknar at omkring 320 km² våtmark er att i Waikato, det er om lag 25 % av det opphavlege. Dette talet er medrekna Whangamarino, 59,23 km², og Kopuatai Peat Dome, 102,01 km². Rundt rekna 80 % av det som er att av våtmarker i landet ligg i Waikato, Matamata-Piako, Hauraki og i Franklin District. Fem av våtmarksområda på New Zealand er tekne med i Ramsarkonvensjonen som våtmarksområde av internasjonal interesse (Ramsarområde), tre av desse ligg i regionen Waikato:

Næringar endre

 
Frå Matatoki Cheese Barn.

Mjølkeproduksjon endre

Mjølkeproduksjon er den viktigaste næringa i Hauraki Plains, og ho gir det meste av inntekta i området. Storleiken på gardane varierer frå kring 100 kyr til meir enn 500. 66 % av det totale landområdet i slettene er nytta til mjølkeproduksjon. Dette svarar til 779,34 km² landareal.[1]

Anna jordbruk endre

Sjølv om mjølkeproduksjon er hovudnæringa, er ikkje dette den einaste jordbruksnæringa. Saueavl og kjøtproduksjon er byrja å verta vanleg blant bøndene. Det er stadig etterspurnad etter ull og kjøt, og Hauraki Plains-regionen er med på å skaffa dette. Ein strutsefarm er blitt oppretta nær jordbrukssamfunnet Turua som lever av turisme, sal av kjøt og gåver.

Turisme endre

 
Den tidlegare Matatoki jernbanestasjonen, no del av Hauraki Rail Trail, i 2023.

I dei seinare åra har turismen teke seg opp i området, mest i sommarmånadane, sjølv om han ikkje har utvikla seg til nokon stor industri. Hauraki Plains har gjerne vore eit gjennomfartsområde for ferdafolk til og frå Coromandel og kysten lenger aust. Fleire fotturruter har utgangspunkt i området, og der er høve til bading i varme kjelder med mineralvatn som fleire stader er bygde ut til spa.[2]

Utdanning endre

Hauraki Plains College er ein vidaregåande skule (Secondary School) som ligg i Ngatea og har nesten 650 elevar. Han fører fram til kompetansegjevande eksamen (Junior Diploma). Elles er ei rekkje meritterande utdanningstilbod tilgjengelege for elevar i alle aldrar. Den første skulen, som vart opna i 1912, vart kalla Ngatea Orchard School, og hadde berre 15 elevar. Seinare, i 1923, vart namnet endra til Ngatea District High School, og i 1963 til Hauraki Plains College.

Kjelder endre

  • MacDonald, E, Western Hauraki Plains – It’s History, fotokopi av ei handskriven bok i Hauraki Plains Library
  • Sullivan, Captain William, «Kotuku» Log Book, handskriven, 1877
  • Historical Maritime Park, Paeroa
Referansar
  1. Oversikt frå distriktsstyresmaktene i Hauraki District, arkivert frå originalen 1. oktober 2006, henta 11. mai 2008 
  2. L.Harper, T. Mudd, P. Whitfield & D.Hall The Rough Guide to New Zealand (2006) ISBN 1-84353-679-X side 395-400

37°15′S 175°30′E / 37.250°S 175.500°E / -37.250; 175.500