Hunua Ranges
Hunua Ranges er ei rekkje åsar søraust for Auckland på Nordøya på New Zealand. Dei dekkjer om lag 250 km², av dette er 178 km² verna område, og dei når ei største høgde på 688 moh. ved Kohukohunui. Auckland får mykje av vasstilførsla si frå reservoar i Hunua Ranges.
Hunua Ranges | |||
åsrekkje | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Hunua Ranges 37°04′S 175°11′E / 37.07°S 175.18°E | |||
Wikimedia Commons: Hunua Ranges |
Skogane og åsane var i føreuropeisk tid nytta av maoriar for å skaffa mat, tømmer og som tilfluktsstad, men mindre for permanent busetnad. Området vart etter kvart kjøpt opp for å byggja ut vassforsyninga til Auckland, og seinare innlemma i dei regionale offentlege parkanlegga.
Åsane ligg om lag 50 km søraust for Auckland, ovanfor den vestlege breidda til havarmen Firth of Thames. Busetjinga er spreidd i området, det meste ligg innanfor grensene til Waharau og Hunua Ranges Regional Park. Somme kallar feilaktig området for Bombay Hills, men dette er i røynda ei mindre åsrekkje som ligg sørvest for Hunua Ranges.
Kjelder
endre- «Hunua Ranges», An Encyclopaedia of New Zealand, redigert av A. H. McLintock, utgjeven i 1966. Te Ara - The Encyclopedia of New Zealand, oppdatert 26. september 2006.
- Hunua Arkivert 2007-10-02 ved Wayback Machine. og Waharau Arkivert 2007-02-02 ved Wayback Machine. Regional Parks, Auckland Regional Council.