Fisher Bastion
Fisher Bastion er eit høgt rektangulært massiv, 2650 meter over havet, mellom den øvre delen av Potterbreen og Fosterbreen, 4,5 nautiske mil søraust for Mount Huggins i Royal Society Range i Victoria Land i Antarktis. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names i 1994 etter offiser Dwight David Fisher i U.S. Navy som var befalshavande for Naval Support Force i Antarktis, 1987–89. Fisher Peak i Palmer Land er òg kalla opp etter han.[1]
Fisher Bastion | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Victoria Land | ||
• høgd | 2 650 moh. | ||
- koordinatar | 78°21′S 162°31′E / 78.350°S 162.517°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Fisher Bastion 78°21′00″S 162°31′01″E / 78.35°S 162.517°E | |||
Kjelder
endre- ↑ «Fisher Bastion». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. november 2012.
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fisher Bastion» (innhald frå Geographic Names Information System).