Fisher Peak er eit fjell med ei høgd opp mot kring 1100 moh, 5 nautiske mil søraust for Mount Leek i Hauberg Mountains i Antarktis. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi i U.S. Navy, 1961–67, og vart klatra i desember 1977 av medlemmar av ei feltgruppe frå USGS. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names i 1985 etter offiser Dwight David Fisher i US Navy, som var pilot første gongen LC-130 Hercules-flyet landa ved English Coast i desember 1984. Han var befalshavande i U.S. Navy Antarctic Development Squadron Six (VXE-6), frå mai 1984 til mai 1985; befalshavande i Naval Support Force i Antarktis, 1987–89; marineoffiser i National Science Foundation (NSF), 1989–92; forretningsfører i Polar Operations Section i Office of Polar Programs frå 1992.[1]

Fisher Peak
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Hauberg Mountains
Topp Palmer Land
 •  høgd 1 100 moh.
 - koordinatar 75°52′S 68°23′W / 75.867°S 68.383°W / -75.867; -68.383
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Fisher Peak
75°52′00″S 68°23′00″W / 75.8667°S 68.3833°W / -75.8667; -68.3833
Fisher Peak is located in Antarktis
Fisher Peak (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Fisher Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 21. november 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fisher Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).