Fissil
Fissil eller spaltbar er det at ein atomkjerne når han etter å ha fanga inn eit langsamt nøytron, straks fisjonerer, det vil sei deler seg i to omtrent like tunge delar.
Fissilt stoff blir nytta som brensel i reaktorar. Den einaste fissile nukliden som finst i naturen er 235U (0,72 % i alle naturlege førekomstar av uran). I uranreaktorar kan ein produsere 233U og 239Pu.
Sjå òg
endreKjelder
endre- fissil. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/fissil