Fjälkinge
56°2′33.742″N 14°16′26.044″E / 56.04270611°N 14.27390111°E
Fjälkinge | |||
busetnad | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Del av | Fjälkinge | ||
Areal | 191 km² | ||
Folketal | 1 860 (31. desember 2020) | ||
Fjälkinge 56°02′31″N 14°16′28″E / 56.041966463668°N 14.274523790941°E | |||
Wikimedia Commons: Fjälkinge |
Fjälkinge (tidlegare dansk Fjelking) er ein tettstad i Kristianstads kommun i Skåne län i Sverige. Han ligg ca. 8 km aust for Kristianstad ved E22 mellom Kristianstad og Bromölla, og er det femte største tettstaden i Kristianstads kommune. I 2010 hadde tettstaden 1 690 innbyggjarar.
Tettstaden voks fram omkring jernbanestasjonen, som kom til i 1874.
Den mest kjende personen som er fødd i Fjälkinge er Johan Henrik Thomander (1798–1865), som var professor, biskop, forfattar og representant i Svenska akademien frå 1855 til 1865 på stol nummer 18.
I Fjälkinge er det matvarebutikk, bank, to pizzeriaer, tannlege og frisør. Inntil 1985 var det òg postkontor, brannstasjon og jernbanestasjon i Fjälkinge, institusjonar som etter kvart er blitt nedlagde.
Fjälkinge skule har no elevar frå første til niande klasse, etter at skulen blei utbygd i 1996. Tidlegare blei elevar overførte til andre skuler i kommunen når dei byrja i 7. klasse. Skulen har eigen idrettshall, fotballbane og basketballbane.
Fjälkinge kyrkje
endreFjälkinge kyrkje er bygd på slutten av 1100-talet i romansk stil. Kyrkja har eit eige museum som viser ulike gjenstander frå historia til kyrkja. Museumet held ope etter gudstenester eller etter avtale.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fjälkinge» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Humleslingan[daud lenkje] brosjyre)
Bibliografi
endre- Boken om Fjälkinge av Paul Pennlöw (1986)
- Boken om Fjälkinge II — Byn genom tida av Paul Pennlöw (1992)