Fjell kyrkje i Hordaland

Fjell kyrkje er ei langkyrkjeSotra, i Øygarden kommune i Vestland fylke. Kyrkja vart teikna av arkitekt Conrad Fredrik von der Lippe og oppført av byggmeister Ole Syslak. Ho har 700 sitjeplassar.[1] Interiøret vart endra i 1961–62, og i 1972 fekk kyrkja ei tverrfløy med kyrkjelydshus (ark. Torgeir Alvsaker og Einar Vaardal-Lunde).

Fjell kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Vesthordland
Sokn Fjell
Fellesråd Fjell
Arkitekt Conrad Fredrik von der Lippe
Innvigd 28. august 1874
 •  Endringar Rest. 1961–62, påb. 1972
Klokker 2, Laxevaags Værk (1874)
Kyrkjegard Ja
Preikestol (1874)
Døypefont (1874)
Altartavle Glasmåleri i korvindauga
Orgel Verschueren (1996)
Sitjeplassar 700
Kart
Fjell kyrkje i Hordaland
60°19′52″N 5°04′32″E / 60.33102694°N 5.07568389°E / 60.33102694; 5.07568389
Wikimedia Commons: Fjell kyrkje
Altarskåp i Fjell kyrkje

Interiør og inventar

endre

Glasmåleri i korvindauga fungerer som altarbilete. Motivet er krossfestinga. Måleria rundt korbåga vart laga av Bjørn Tvedt i 1962. Preikestolen og døypefonten er på alder med kyrkja. Kyrkja fekk nytt orgel i 1996 (opus 1060 frå Verschueren).[2] Dei to klokkene er støypte av Laxevaags Værk.

Tidlegare kyrkjer

endre

Ei stavkyrkje vart riven før 1686, då ei tømmerkyrkje er omtala. Tømmerkyrkja fekk nytt skip i 1795 og stod så til dagens kyrkje vart oppført.[3] Eit altarskåp frå 1400-talet vart oppdaga i 1962 og restaurert. I dette er det sett inn eit altarbilete (nattverden) måla av O. Berenthardus til gamlekyrkja i 1843. Altarskåpet heng på eine langveggen i kyrkja.[4]

Fotnotar

endre
  1. Kyrkjesøk
  2. Verschueren Orgelbouw — Opuslijst, arkivert frå originalen 13. september 2018, henta 17. september 2018 
  3. Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Hordaland fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 138–139.
  4. Lotsberg og Langeland (1999), s. 15.

Bakgrunnsstoff

endre