Pilatus-fjellet

(Omdirigert frå Fjellet Pilatus)

Pilatus er eit 2 128 meter høgt fjell i Urner-Alpane i Sveits. Fjellet er frå nord eit landemerke ved vestenden av Vierwaldstättersjøen. Kantonane Luzern, Obwalden og Nidwalden møtest i eit felles «trippelpunkt» på toppen av fjellet.

Pilatus
fjell
Fjellet Pilatus litt til venstre for midten, i forgrunnen byen Luzern
Land  Sveits
Kanton Luzern
Fjellkjede Urner-Alpane
Høgd 2 128 moh.
Primærfaktor 585 m
Koordinatar 46°58′26″N 8°14′28″E / 46.97389°N 8.24111°E / 46.97389; 8.24111
Lettast tilkomst Pilatusbanen (den brattaste tannhjulbanen i verda)
Førstestiging  
 - dato 1300-talet
Kart
Pilatus-fjellet
46°58′26″N 8°14′28″E / 46.973889°N 8.241111°E / 46.973889; 8.241111
Wikimedia Commons: Pilatus

Til nærliggjande Pilatus-Kulm, 2 073 meter over havet, går verdas steilaste tannhjulbane. Banen har på det brattaste ein hallingsgrad på 48 %. Frå Pilatus-Kulm er det ein kort tur til toppen av Pilatus.

Namnet «Pilatus» er kjent frå 1460. Ei seinare nedteikna segn seier at den romerske prefekten Pontius Pilatus vart gravlagd i ei fjelltjønn ('Pilatusee'), i dag ei gjengrodd myr.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre