Fjodor Petrovitsj Simasjov (13. mars 194520. desember 1997) var ein langrennar frå Verkni Bagrjasj i Tatarstan som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister 1970 og olympisk meister 1972 med Sovjetunionen i 4 x 10 km stafett, og vann elles ein OL-medalje og to VM-medaljar i tida 1970-74.

Fjodor Simasjov
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 13. mars 1945
Verkhnij Bagrjazj
Død

19. desember 1997 (52 år)
Zainsk

Yrke langrennsløpar
Språk russisk

Aktiv endre

Simasjov debuterte internasjonalt i Lahti-spelen i 1968, der han som best vart nummer 11 på femmila. Under Ski-VM 1970 i Štrbské Pleso deltok han i alle fire tevlingane; etter ha vorte nummer ti på tremila, tok han bronsemedaljen på 15 km. Deretter gjekk han tredje etappen for Sovjetunionen på stafetten, og saman med Vladimir Voronkov, Valerij Tarakanov og Vjatsjeslav Vedenin sikra han sigeren, 14 sekundar føre Aust-Tyskland. Til sist enda han på fjerdeplass på den avsluttande 50-kilometeren.

I 1971-sesongen vart Simasjov tredjemann på 15 km i Lahti. Under vinterleikane i Sapporo gjekk han alle distansane. Han starta med sjetteplass på 30 km, og tok så OL-sølvet på 15 km bakom den suverene sigerherren, Sven-Åke Lundbäck frå Sverige. Som i verdsmeisterskapen to år tidlegare vann Sovjetunionen 4 x 10 km stafett; Voronkov, Simasjov og Vedenin gjekk same etappane, medan Jurij Skobov tok seg av andre etppen i staden for Tarakanov.

Simasjov vart nummer tre på 30 km under Svenska skidspelen 1973 i Falun, einast norske Oddvar Brå og svenske Thomas Magnusson gjekk fortare. Året etter var Simasjov tilbake på same staden då Ski-VM 1974 gjekk av stabelen, der han vann ein sølvmedalje med Sovjetunionen i 4 x 10 km stafett.

Simasjov døydde i Zainsk i Russland.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.