Opna hovudmenyen

Bernt Thomas Magnusson (fødd 2. juli 1950) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar og seinare gardbrukar. Han vart verdsmeister på 30 km under ski-VM 1974 i Falun, og gjekk ankeretappen for Sveriges lag som vann 4x10 km stafett under ski-VM 1978 i Lahti. Magnusson var fødd i Motala og tevla for Delsbo IF. Han bur i Långby i Forså socken i Hudiksvalls kommun i Hälsingland.

Thomas Magnusson
Thomas Magnuson c1974.jpg
Fødd 2. juli 1950
Motala
Yrke langrennsløpar

AktivEndra

Magnusson debuterte for Sverige i store, internasjonale meisterskap med å gå startettappen på 4x10 km stafett under vinter-OL 1972 i Sapporo, laget vart nummer 4.

Dei fire sesongane 1972-75 var Magnusson den klart beste langrennaren i Sverige. Han vann ti av dei tolv individuelle svenske meisterskapa som vart arrangert i perioden, berre tremilsmeistrane Lars-Arne Bölling i 1973 og Sven-Åke Lundbäck i 1975 hindra storeslem for Magnusson.

På opningsdistansen under ski-VM 1974 på svensk heimebane i Falun, vann Magnusson ein overlegen siger med 53,4 sekundars margin til sølvvinnaren Juha Mieto frå Finland. Seinare i meisterskapen gjekk han inn til bronse på femmila, slått av verdsmeisteren Gerhard Grimmer frå DDR og Stanislav Henych frå Tsjekkoslovakia.

Magnusson deltok ikkje i vinter-OL 1976, då far hans døydde straks føre olympiaden. Året etter vann han femmila i Holmenkollen med ein sigersmargin på godt over fem minuttar til toaren, Ivar Formo.

Han lukkast ikkje i dei individuelle renna under ski-VM 1978 i Lahti, men vart likevel teken ut til å gå siste etappen på stafetten. Saman med lagkameratane Sven-Åke Lundbäck, Christer Johansson og Tommy Limby vann han og Sverige VM-gullet etter at Magnusson sjølv gjekk frå Finlands ankermann, Matti Pitkänen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

Gullmedaljar i svenske meisterskapEndra

  • 1972: 15 km, 30 km og 50 km
  • 1973: 15 km og 50 km
  • 1974: 15 km, 30 km og 50 km
  • 1975: 15 km og 50 km

Magnusson la opp i 1978, då han av helsemessige årsaker ikkje kunne trene så mykje at han kunne henge med i langrennstoppen.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra