60°47′59″N 7°6′39″E / 60.79972°N 7.11083°E / 60.79972; 7.11083

Nedre delen av Flåmsdalen
Myrdalsberget øvst i Flåmsdalen. Vegen som svingar seg opp berget vart bygd for å kunne transportere varer og folk til byggina av Bergensbanen.

Flåmsdalen er ein 18 kilometer lang smal dal som strekkjer seg frå Myrdalsplatået på vel 800 moh. ned til Fretheim inst i Aurlandsfjorden i Aurland kommune i Vestland. Gjennom dalen renn den varig verna Flåmselvi, som har utspringet sitt nordom Hardangerjøkulen, og jarnbanen Flåmsbana går frå Myrdal og ned gjennom heile dalen til endestasjonen ved fjordbotn.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Flåmsdalen
  • Knagenhjelm, Trude Knutzen. «Bygda Flåm». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 1. mars 2021.