Koordinatar: 60°44′18″ N 7°7′24″ E

Flåmsbana er ei sidebane til jernbanen Bergensbanen mellom Myrdal stasjon på Bergensbanen og Flåm inst i Aurlandsfjorden. Heile bana ligg i Aurland kommune i Vestland fylke. Bana er einspora og elektrisk driven.

Flåmsbana
Flam bahnhof P9230289.JPG
Tog på Flåm stasjon
Foto: Joachim Müllerchen
Info
Land Noreg
Type Sidebane
System Adhesjonsbane
Status I drift
Utgangsstasjon Myrdal stasjon
Endestasjon Flåm stasjon
Tal på stasjonar 8[1]
Drift
Opna 1940
Eigar Noregs statsbaner (1940–1996)
Jernbaneverket (1996–2016)
Bane NOR (2017–)
Operatør(ar) Flåmsbana AS/NSB
Type trafikk Turisttrafikk og ålmenn persontrafikk
Loktypar El 18 + B3

Tidlegare:
El 9
El 11
El 17
Type 69
X10
Teknisk
Køyrestraum 15 kV AC, 16 2/3 Hz
Sporvidd 1 435 mm (normalspor)
Lengd 20 km[1]
Minste kurveradius 130 m
Største stigning 55 ‰
Høgdeskilnad 865,5 m
Bruer 2
Tunnelar 21

Flåmsbana har 20 tunnelar frå Myrdalsplatået, ned den stupbratte dalen og til botnen av Flåmsdalen ved Fretheim. Over ei strekning på i alt 20,2 kilometer går 5,7 kilometer av bana i tunnel. Det svarar til meir enn ein fjerdedel av lengda på bana.

LinjekartEndra

Teiknforklaring
  0,00 km Flåm (1940) 2 moh
  1,60 km Lunden (1942) 16 moh
  2,99 km Håreina (1940) 48 moh
  Furuberget tunnel 424,0 m
  Spælemyren tunnel 24,6 m
  6,30 km Dalsbotn (1942) 200 moh
  Nedre Dalsbotn tunnel 206,6 m
  Øvre Dalsbotn tunnel 154,3 m
  Høga tunnel 59,2 m
  Høga bru
  9,69 km Berekvam (1940) 345 moh
  Timberheller tunnel 172,6 m
  Geithus tunnel 139,2 m
  Sjølskott tunnel 39,2 m
  Reppa tunnel 132,9 m
  Melhus tunnel 177,5 m
  Melhusgjerdet tunnel 11,1 m
  11,80 km Blomheller (1942) 458 moh
  Blomheller tunnel 1029,6 m
  13,86 km Kårdal (1946) 557 moh
  Nåli tunnel 1341,5 m
  Kjosfoss tunnel 478,4 m
  15,80 km Kjosfossen (1951) 670 moh
  Bakli tunnel 195,1 m
  22,7 m
  14,0 m
  Vatnahalsen vendetunnel 888,6 m  
  18,00 km Reinunga (1942) 767 moh
  19,07 km Vatnahalsen (1940) 811 moh
  Toppen nedre tunnel 79,9 m
  Toppen øvre tunnel 101,4 m
    Bergensbanen frå Oslo
  20,20 km Myrdal 866 moh
  til Bergen

GalleriEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Flåmsbana
  Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.