Fløyfjelltunnelen
(Omdirigert frå Fløyfjellstunnelen)
Fløyfjelltunnelen er ein del av E39 og E16, på denne strekninga kalla Åsanevegen, går frå Sandviken til Kalfaret i Bergen. Fløyfjelltunnelen har to separate løp, kvart med to køyrebanar. Det sørlege løpet er 3,2 km langt og for trafikk inn til Bergen. Det vart teke i bruk i 1989, det andre (nordlege) løpet er 3,6 km langt, tek trafikken ut av sentrum og vart teke i bruk i 1988. Tunnelane vart laga for å leie biltrafikken utanom sentrum. Tunnelane går gjennom Fløyfjellet, eit av dei sju fjella kring Bergen.
Offisielt namn | Fløyfjelltunnelen |
---|---|
Transporterer | Biltrafikk – 4 felt |
Stad | Bergen |
Kommune | Bergen |
Fylke | Hordaland |
Lengd | 3,2 km (sør) 3,6 km (nord) |
Opna | 1988 |
![]() Fløyfjelltunnelen |
Bergens mest stengde tunnelEndra
I 2010 var tunnelen heilt eller delvis stengd 216 gongar, noko som tilsvarar 110 timar og 10 minutt.[1]