Fløyfjellet

fjell i Bergen

Fløyen eller Fløyfjellet er eit av dei sju fjella i Bergen, og den mest populære av turistattraksjonane i byen. Fløyfjellsplatået ligg 399 meter over havet, rett ovanfor Bergen sentrum. Namnet kan skrive seg frå "fløystanga", ein vindfløy eller værhane som skulle gje signal om vindretninga når skip skulle legge ut frå Vågen. Utsikta gjer Fløyfjellet til eit populært mål både blant turistar og byens eigne ibuarar. Det er mange turstiar både på Fløyen og over «vidden» mot Ulriken.

Fløien Folkerestaurant på Fløyfjellet i adventstida

Fløibana er ei 850 meter lang elektrisk kabelbane som trekker to vogner mellom Fløyen og stasjonen på Vetrlidsallmenningen i Bergen sentrum. Den har mellomstasjonar i Promsgate, Fjellveien og på Skansemyren, og vart teken i bruk i 1918.

Fløyfjellet er eit populært turterreng, og Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur går over området. Det er då det femte fjellet ein går over etter Lyderhorn, Damsgårdsfjellet, Løvstakken og Ulriken. Turen går vidare til Rundemanen og til slutt Sandviksfjellet.

Bakgrunnsstoff endre