Dei sju fjella er eit fellesnamn på sju fjell som ligg kring Bergen. Det er ikkje full semje om kva for fjell som høyrer til dei sju, men dei er oftast blant følgjande:

Fløyen og Ulriken bakom Vågen i Bergen.
Utsyn mot Blåmanen og Rundemanen frå Ulriken.
Utsyn mot Bergen og Løvstakken, Damsgårdsfjellet og Lyderhorn frå Sandviksfjellet.
Foto: Svein Harkestad

Namnet til Bergen er opphavleg sett saman av ord som tyder «fjell» og «eng», og slik sett har tilknytinga til fjella vore markert langt tilbake i tid.[1] På eit segl for byen frå 1239 var det avbilda ei borg på eit tredelt fjell. På eit segl frå 1444 var det derimot avbilda sju fjell,[2] og dette går att i det moderne byvåpenet.[1] Seinare kalla Ludvig Holberg Bergen for «byen mellom de syv fjell», og lista opp «Rundemanden, Flöyen, Oldrik, Solheims Field, Damsfieldet, Ludderhorn, og Askelandsbierg».[3]

7-fjellsturen endre

7-fjellsturen blir arrangert kvart år av Bergen og Hordaland Turlag. Frå oppstarten i 1948 gjekk ein opp på Ulriken, Fløyen, Sandviksfjellet, Askøyfjellet, Lyderhorn, Damsgårdsfjellet og Løvstakken etter kvarandre. Frå 1981 hadde ein kutta ut ferjebruk i løypa og bytta litt på fjell og rekkjefølgje til Lyderhorn, Damsgårdsfjellet, Løvstakken, Ulriken, Fløyen, Rundemanen og Sandviksfjellet.[4]

Sjå også endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Om Bergen | Bergen byleksikon», www.bergenbyarkiv.no, henta 11. oktober 2021 
  2. «I den syvende himmel», Bergens Tidende 7. juli 2007
  3. Bagge, Bjørn Arvid (15. mars 2019), «Da Holberg skapte erkebergenseren», pahoyden.khrono.no (på norsk bokmål), henta 11. oktober 2021 
  4. Pedersen, Marion, «Historisk styrkeprøve - Bergen og Hordaland Turlag», www.bergenoghordalandturlag.no, henta 11. oktober 2021 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.