Flakavatnet
Flakavatnet er eit vatn som ligg i Hol kommune i Buskerud og Ulvik herad i Vestland. Innsjøen ligg i eit pass som nesten skjer gjennom Hallingskarvet. Innsjøen er av dei største innsjøane i Europa som ligg i overgangen til den høgalpine sonen, der vegetasjonen er minimal eller fråverande og påverknad frå permanente snøleier og brear er påtakeleg.
Flakavatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud, Vestland | ||
Kommunar | Hol, Ulvik | ||
Høgd over havet | 1453 moh. | ||
Areal | 3,43 km² | ||
Kystlengd1 | 16,47 km | ||
Koordinatar | 60°38′52″N 7°35′13″E / 60.64778°N 7.58694°E | ||
Flakavatnet 60°38′52″N 7°35′13″E / 60.647777777778°N 7.5869444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Flakavatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Flakavatnet i vitskapleg samanheng
endreFlakavatnet vart første gong sporadisk undersøkt i vitskapleg samanheng sommaren 1933, av Noreg sin første professor i limnologi, Kaare Strøm. Fordi årets høgaste temperatur i vatnet så vidt kom over 4 °C (i slutten av august månad) foreslo han at innsjøen representerte ein «semi-arktisk» innsjøtype. Denne nemninga er seinare endra til «subpolar» - Flakavatn var den gong typelokaliteten. Innsjøen var vanskeleg tilgjengeleg med tungt vitskapleg utstyr, og nettopp fordi det er kravd stor fysisk innsats, har undersøkingane av innsjøen vore avgrensa.
Vitskaplege undersøkingar av Flakavatnet har vore teke opp igjen frå 2002, og målingar og utrekningar som Strøm gjorde har vore følgd opp, til samanlikning. Ut i frå fotografi (mellom anna i Strøm 1934) er det tydeleg at breen Flakavassfonn har skrumpa kraftig, og påverknaden av smeltevatn frå denne og andre snø- og isrestar må ha minka sida dei første undersøkingane. Limnologane ved Universitetet i Oslo følgjer derfor innsjøen nøye, og er interessert i dei fysiske, kjemiske og biologiske endringane som har skjedd, og vil kunne skje, under dei føreliggande klimavilkåra.
Litteratur
endre- Strøm, K. 1934. Flakevatn. A semi-Arctic Lake of Central Norway. Skrifter, Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. I. Matematisk-Naturvid. Klasse 1934, No. 5. 28 pp.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Flakavatnet» frå Wikipedia på bokmål, den 18. april 2008.