Flatøy
øy
Flatøy | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Kvernafjorden |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 2,2 km²
|
Høgaste punkt | Håøytoppen (171 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Hordaland
|
Demografi | |
Folketal | 426 (2001) |
Folketettleik | 194 /km² |
Flatøy (eller Flatøyni) er ei øy på 2 kvadratkilometer i Meland kommune. Øya er no eit trafikk-knutepunkt med bruer over Hagelsundet (250 m) til Knarvik i Lindås, Nordhordlandsbrua (1610 m) over Salhusfjorden til Bergen, og Krosnessundet bru (391 m) til Holsnøy.
På øya driv Frank Mohn Flatøy AS sin olje- og gassdivisjon, med produksjon av pumper. Flatøy flystasjon vart oppretta i 1917 som base for militære sjøfly, og frå 1920 var den base for Det Norske Luftfartsrederi AS, som dreiv ruteflyging Bergen–Haugesund–Stavanger. Etter krigen brukte Thor Solbergs flyselskap basen i nokre år. På den nordvestlege delen av øya låg fortet Håøy. I 1937 vart Flatøy skule opna.