Nordhordlandsbrua

Nordhordlandsbrua, som vart opna 22. september 1994, går over Salhusfjorden frå Klauvaneset ved Salhus til Flatøy og har ei samla lengde på 1614 meter. Nordhordlandsbrua er ein del av Europaveg 39.

Nordhordlandsbrua

Typeskråkabelbru, flytebru, vegbru
StadMeland og Bergen i Noreg
Opna22. september 1994
StrekningEuropaveg 39
Lengd1 610 meter
Fri høgd32 meter
Største spenn172 meter
KryssarSalhusfjorden, Osterfjorden i Hordaland
TransportererBiltrafikk
Trafikk17 332 (2023)[1]
Kart
Nordhordlandsbrua
60°31′28″N 5°15′50″E / 60.52444444°N 5.26388889°E / 60.52444444; 5.26388889

Brua er sett saman av ulike konstruksjonar. Sjølve bruspennet over skipsleia er 172 meter langt og heng frå eit tårn på 99 meter, og går over i ei flytebru på 1246 meter — verdas lengste flytebru utan forankring på sidene. Brua avløyste ferjesambandet Knarvik–Steinestø, som var det mest trafikkerte i landet. Nordhordlandsbrua er i hovudsak bompengefinansiert. Då brua blei nedbetalt i november 2005, hadde bilistane i løpet av 11 år betalt i alt 1372 millionar kroner. 31. desember 2005 blei innkrevjinga av bompengar avslutta.

I juni 2005 passerte det i snitt vel 11 000 køyretøy kvart døgn.

Kjelder endre

  1. «Trafikkdata Ev39 Klauvaneset Nordhordlandsbrua». Statens vegvesen. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nordhordlandsbrua

60°31′18″N 5°16′09″E / 60.5217°N 5.2691°E / 60.5217; 5.2691