Flat storstumpbille

insektart
Flat storstumpbille
Flat storstumpbille
Flat storstumpbille
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Familie: Stumpbiller Histeridae
Slekt: Hololepta
Art: Flat storstumpbille H. plana
Vitskapleg namn
Hololepta plana

Flat storstumpbille (Hololepta plana) er ei 8–10 mm lang bille som lever under, og delvis i, barken på daude lauvtre. Tjukna er knapt 1 mm, slik er ho rekna som ei av dei flataste billene i verda. Vertstre kan vere selje, eik, alm, bøk og osp. Storstumpbilla er eit rovinsekt, og ho et larvar av andre insekt.

I Norden finst billa langs norskekysten frå Aust-Agder til Akershus. Ho er òg kjend i Danmark og Finland. Elles finst ho lenger sør i Europa.

Flat storstumpbille er oppført som sårbar i Norsk Raudliste 2006.

Kjelder endre

  • Torstein Kvamme: ««Flat storstumpbille» - flatest av alle billene?» i Norsk Skogbruk 12/2008

Bakgrunnsstoff endre