Fleirkulturell eller multikulturell viser til møtepunkt mellom fleire kulturar.[1] Omgrepa kan visa til samfunn eller miljø der det finst fleire grupper av ulik bakgrunn, enkeltpersonar med erfaring frå fleire kulturar, eller fleirkulturelle produkt som musikk, mat og liknande.

Frå Jakarta i det fleirkulturelle landet Indonesia. Ein mann med tradisjonell urfolkframtoning står utanfor ein europeisk kleskjede medan indonesarar med vestlege klede går forbi.
Foto: Jonathan McIntosh

Fleirkulturelle samfunn oppstår vanlegvis gjennom reise og vandring, der ei eller fleire grupper slår seg ned i kortare eller lengre tid i eit nytt område. Særs fleirkulturelle stader kan vera byar i vekst eller område med mykje handel eller stor innvandring. Statar kan vera fleirkulturelle av historiske grunnar, til dømes Belgia, Sveits og ei rekkje tidlegare koloniar som Brasil, Canada, India og Kenya.

Sjå og endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fleirkulturell
  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.