Flemming Povlsen
Flemming Søgaard Povlsen (fødd 3. desember 1966) er ein dansk tidlegare fotballspelar frå Århus. Han vart europameister med Danmark i 1992, nederlandsk cupmeister 1990 med PSV Eindhoven og tysk serievinnar med Borussia Dortmund. Povlsen var jamnast vengspelar i angrepet.
Flemming Povlsen i juni 2011 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Flemming Søgaard Povlsen | ||
Fødd | 3. desember 1966 (58 år) | ||
Fødestad | Brabrand i Danmark | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Angrepsspelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1984-1986 | Aarhus | 40 | (13) |
1986-1987 | Castilla | 40 | (10) |
1987-1989 | Köln | 71 | (19) |
1989-1991 | PSV | 30 | (10) |
1991-1995 | Borussia Dortmund | 116 | (20) |
1998-2004 | Brabrand | 40 | (15) |
Totalt | 337 | (87) | |
Landslag | |||
1987-1995 | Danmark | 62 | (21) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endrePovlsen spelte på Aarhus GF (AGF) 1984-86 og sesongen 1986/87 på spanske Castilla. Sommaren 1987 flytta han til Tyskland og var Köln-spelar i over to år, i hans andre sesong enda laget på andreplass i Bundesliga. Hausten 1989 vart han overført til PSV Eindhoven, der han saman med tre landsmenn, Ivan Nielsen, Jan Heintze og Søren Lerby, sikra PSV-siger i den nasjonale cupfinalen 1990 med 1-0 over Vitesse Arnhem. Nokre veker seinare signerte Povlsen for Borussia Dortmund og var knytt til den tyske storklubben til han la opp i 1995. Våren 1993 vart han kneskadd, og mista UEFA-cupfinalen 1993, som elles enda med tap for det tyske mannskapet. Ein ny, alvorleg skade i det andre kneet førte til at han la opp ved sesongslutt våren 1995.
Landslagsspel
endrePovlsen landslagsdebuterte våren 1987, og skåra det fyrste målet då Danmark slo Hellas med 5-0 i ein OL-kvalifiseringskamp. Sidan var han med i alle tre oppgjera på det danske laget i EM i fotball 1988, og spelte alle kampane då Danmark vann fotball-EM 1992 etter finalesiger 2-0 over Tyskland i Göteborg. Den 6. september 1994 var han innbytar då han utlikna til sluttresultatet 1-1 mot Makedonia i Skopje, i det som vart hans 62. og siste landskamp, og det 21. målet i den raude og kvite landslagsdrakta.
Merittar
endre- Europameister: 1992 med Danmark
- Tysk seriemeister: 1995 med Borussia Dortmund
- Nederlandsk cupmeister: 1990 med PSV Eindhoven
- Tysk seriesølv: 1989 med FC Köln og 1992 med Borussia Dortmund
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Flemming Povlsen» frå Wikipedia på tysk, den 30. april 2017.