Flemsøya
(Omdirigert frå Flemsøy)
Flemsøya, eller Skuløya, er ei av Nordøyane i Haram kommune på Sunnmøre. Flemsøya ligg mellom Haramsøya og Fjørtoft og har brusamband til Haramsøya, derfrå er det ferjesamband til fastlandet. Der er og snøggbåtsamband med dei andre nordøyane, og Ålesund
Flemsøya Skuløya | |
---|---|
Flemsøya sett frå fly i søraust. Foto: Eirik Solheim | |
Geografi | |
Stad | Sunnmøre |
Koordinatar | 62°40′24″N 06°17′58″E / 62.67333°N 6.29944°E
|
Areal | 14,3 km²
|
Høgaste punkt | Skulen (492 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal
|
Demografi | |
Folketal | 449 (2024) |
Folketettleik | 31 /km² |
Øya har eit areal på 14,3 km² og det høgaste punktet er Skulen på 493 meter over havet. Sør for øya ligg Longvafjorden og Haramsøya, medan Nogvafjorden og Fjørtoft ligg på nordsida.
Folketalsutvikling:
1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2024[3] |
---|---|---|---|
250 | 502 | 566 | 449 |
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1801 for Haram prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Haram herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå