Nordøyane
øygruppe i Møre og Romsdal
- Denne artikkelen handlar om øyane på Sunnmøre. For øyane i Antarktis, sjå Nordøyane i Antarktis.
Nordøyane er ei øygruppe i Ålesund kommune i Møre og Romsdal.[1] Ho omfattar øyene Ona, Sandøya, Finnøya, Harøya, Fjørtofta, Flemsøya, Haramsøya og Lepsøya og ligg på nordre Sunnmøre.
Nordøyane | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Sunnmøre |
Koordinatar | 62°40′N 06°16′E / 62.667°N 6.267°E
|
Tal på øyar | 8
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal
|
Lepsøya er den sørvestlegaste av dei åtte øyane og grensar til Vigrafjorden og Vigra i Giske kommune i sørvest. I nordaust ligg Ona som den nordlegaste øya, og grensar til Aukra kommune.
Den største av dei åtte øyane er Harøya, med 13,6 km². Ona er den minste folkesette med 0,8 km².
I august 2022 fekk Nordøyane vegsamband med fastland, og fleire av dei med kvarandre, då Nordøyvegen opna.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Stedsnamn faktaark - for søk på stedsnavn og tilhørende fakta», stadnamn.kartverket.no, henta 20. april 2023
- ↑ Thorsnæs, Geir (7. desember 2022). «Nordøyane». Store norske leksikon (på norsk).