Floreanaspottefugl

art av sporvefuglar
Floreanaspottefugl
Floreanaspottefugl
Floreanaspottefugl
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av floreanaspottefugl
Utbreiinga av floreanaspottefugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Spottefuglar Mimidae
Slekt: Mimus
Art: Floreanaspottefugl M. trifasciatus
Vitskapleg namn
Mimus trifasciatus

Floreanaspottefugl (Mimus trifasciatus) er ein sterkt truga art av spottefuglar. Han er naturleg endemisk for øya Floreana, ei av Galápagosøyane. På grunn av menneskeleg kolonisering frå 1832 og utover, som innførte predatorar som hundar og kattar, vart arten utrydda på Floreana innan 50 år. Overlevande individ finst no berre på to utilgjengelege, nærliggande øyar. Funnet av floreanaspottefugl er trudd å ha inspirert Charles Darwin i arbeidet med verket om opphavet av artar. Han la merke til klåre skilnader mellom denne og tidlegare observerte spottefuglartar på naboøyar.[1]

Skildring endre

Floreanaspottefugl har middels storleik i den biologiske slekta si, med kroppslengd på 25–26 cm og kroppsvekt på ca. 59 til 66 gram, hannfuglar er dei tyngste. Fjørdrakta har gråbrun overside og nær kvit krage og underside. Eit mørkt felt med diffus avgrensing på brystsidene er godt synleg. Nebbet er gråsvart og nedbøygd, beina er mørk grå.[2]

I dag er leveområdet for dei attlevande individa dei små øyane Gardner og Campeón like ved Floreana sør i Galápagosøygruppa. Habitatet er karrig og tørt med innslag av låg kystvegetasjon av trevekster og treliknande kaktus. Dei er beitar mest på bakken og er altetande, men er hovudsakleg insektetarar.[2]

Hekkinga føregår i grupper på typisk 4-5 medlemmar som samarbeider om å hevde eit territorium.[2]

Storleiken på populasjonen er særs liten og fluktuerande. Estimat har variert mellom 48 og 756 frå 2003 til 2012.[3] Arten er klassifisert som sterkt truga.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. Hoeck, Paquita E. A.; Beaumont, Mark A.; James, Karen E.; Grant, Rosemary B.; Grant, Peter R.; Keller, Lukas F. (23. april 2010). «Saving Darwin's muse: evolutionary genetics for the recovery of the Floreana mockingbird». Biology Letters 6 (2): 212. PMID 19923141. doi:10.1098/rsbl.2009.0778. Henta 14. mars 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Cody, M. & Sharpe, C.J. (2017) Floreana Mockingbird (Mimus trifasciatus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 17. mars 2017
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2017) Species factsheet: Mimus trifasciatus[daud lenkje]. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. mars 2017

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Floreanaspottefugl