Flugeblom

planteart
Flugeblom

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Ophrys
Art: O. insectifera
Vitskapleg namn
Ophrys insectifera
Økologi
Habitat: kalkrik skog eller myr
Utbreiing: Europa

Flugeblom (Ophrys insectifera) er ei plante i flugeblomslekta Ophrys i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad

endre

Flugeblom er ei spinkel plante som kan bli kring 30 cm høg, med nokre få enkeltblomar i ein open blomsterstand. Leppa på blomen er brunsvart med form og teikningar som gjer at han liknar eit insekt.

Formeiring

endre

Flugeblom er den einaste representanten i Noreg for den store slekta Ophrys,[2] som bruker ein heilt spesiell metode for å sikre seg pollinering. Blomen er utforma for å likne på eit hoinsekt av ein insektart, særeigen for kvar art. Ofte har han òg ei lukt som er karakteristisk for hoene til arten. Hannane av insektarten blir i mange tilfelle klekte ut ei stund før hoene, slik at orkideen har hanninsekta «for seg sjølv» i ein periode. Dette blir kalla narrepollinering eller psudokopulasjon («falskt samleie»). Flugeblom etterliknar hoinsekt av gravekvefsar i slekta Argogorytes.

Utbreiing

endre

Flugeblom er bunden til kalkrik skog eller myr. I Noreg har han hovudområdet sitt vest for Oslofjorden, og har elles nokre funnstader ved Snåsa i Trøndelag og i Bodø-området i Nordland.[3] Flugeblom er freda,[4] og er på Norsk raudliste for artar oppgradert i 2021 frå nær truga til sårbar (VU).[5]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn flugblomster),[6] i Danmark (CR, dansk namn flueblomst)[7] og i Finland (EN, finsk namn kimalaisorho).[8]

Flugeblom (engelsk namn fly orchid) veks spreidde stader på Dei britiske øyane utanom Skottland, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[9] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU),[10] slik han òg er i England og Wales.[11][12] I Irland har han status som nær truga (NT).[13]

I Estland (estisk namn kärbesõis) veks flugeblom mest på øyane og vest på fastlandet og er rekna som nær truga (NT).[14] I Latvia (latvisk namn mušu ofrīda)[15] er arten sjeldan og veks berre i vest på kalkrik mark. Han er klassifisert som sterkt truga (kategori 1 – draud iznīkšana).[16] I Litauen (litauisk namn musinis ofris) vart arten oppdaga i 1993 og er berre kjend frå fire lokalitetar i nord og midt i landet.[17] Han er rekna som kritisk truga (CR).[18][19]

Ei melding om funn av underarten Ophrys insectifera ssp. aymoninii (av somme rekna som ein egen art, Ophrys aymoninii) sør i Litauen er ikkje verifisert.[20]

I Benelux veks arten (nederlandsk namn vliegenorchis, fransk namn ophrys mouche) i Nederland no berre i Limburg. I Belgia er han i sterk tilbakegang og no svært sjeldan i Flandern, litt vanlegare i kalkområda i Vallonia.[21][22] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd).[23] I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[24][25] I Luxembourg er han rekna som sterkt truga (EN).[26]

Hybridar

endre

I England er det påvist at flugeblom kan danne hybridar med biblom (Ophrys apifera × insectifera, òg kalla Ophrys ×pietzschii),[27] men denne er svært sjeldan. Hybriden med Ophrys sphegodes (Ophrys insectifera × sphegodes eller Ophrys ×hybrida)[28] er påvist nokre gonger i Kent.[29]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar flugeblom». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre flugeblom». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022. 
  3. «Artskart: Flugeblom, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2022. 
  4. «Forskrift om fredning av truede arter». Lovdata. 21. desember 2001. Henta 27. februar 2022. 
  5. «Raudlista: Flugeblom». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 27. februar 2022. 
  6. «Artfakta: Ophrys insectifera flugblomster». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  7. «Naturbasen: Tyndakset Flueblomst Ophrys insectifera». Naturbasen. Henta 6. mars 2022. 
  8. «LAJI: Ophrys insectifera». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022. 
  9. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  10. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  11. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  12. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  13. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  14. «eElurikkus: Ophrys insectifera» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  15. «Latvijas daba: mušu ofrīda» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023. 
  16. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023. 
  17. Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909. 
  18. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 60-61. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023. 
  19. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 415. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 5. februar 2023. 
  20. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 9. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023. 
  21. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Ophrys insectifera subsp. insectifera». FLORON. Henta 22. januar 2024. 
  22. «Verspreidingskaart: Vliegenorchis – Ophrys insectifera». Waarnemingen.be. Henta 22. januar 2024. 
  23. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  24. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  25. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  26. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  27. «PoWO: Ophrys × pietzschii». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  28. «PoWO: Ophrys × hybrida». Plants of the World Online. Henta 28. januar 2023. 
  29. Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 

Bakgrunnsstoff

endre