Folda
Wikimedia-fleirtydingsside
Folda (norrønt Fold eller Foldin, 'den breie fjorden') er eller har vore namnet på fire norske fjordar:
Folda og Oslofjorden Endra
Fold, frå sogetida Folda, var den historiske nemninga på Ytre Oslofjord, frå Drøbaksundet til Færder, og landområda omkring, særleg Vestfold og Follo. Namnet Follo kjem frå 'Fold-lo', «Foldsletta». Namnet lever òg att i fylksnamnet Østfold.
Oslofjorden var frå gamalt nytta om fjorden innanfor, frå Drøbak opp til gamle Oslo[treng kjelde].
Folda på Møre Endra
Fold var det gamle namnet på Foldfjorden på Ertvågøya på Nordmøre.
Folda i Namdalen Endra
Folda er ytterdelen av den store fjorden i Namdalen. Lenger inn vert fjorden kalla 'Foldfjorden'.
Folda i Salten Endra
Folda er ytterdelen av fjorden som delar seg i armane Sørfold og Nordfold. Namnet vart tidlegare òg bruka om bygdene omkring fjorden.
Lenkjer Endra
Kjelder Endra
- O. Rygh: Gaardnavne i Nordlands amt 1905
- Leiv Heggstad, Finn Hødnebø og Erik Simensen: Norrøn ordbok Det Norske Samlaget 1990 ISBN 82-521-3493-9
- Redaksjonell fotnote til Ynglinge-soga i Snorres Kongesoger, Det Norske Samlaget 1979 ISBN 82-525-0657-7.
- Østfold i Store Norske Leksikon