Foligno

kommune i Italia

Foligno er ein by i provinsen Perugia i regionen Umbria i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Topino der ho renn ut frå Appenninane og renn så ut på den vide sletta til elva Clitunno. Han ligg 40 km søraust for Perugia, 10 km nordvest for Trevi og 6 km sør for Spello.

Foligno
Horisonten til Foligno
Horisonten til Foligno
Plassering
Foligno is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Umbria
Perugia
Borgarmeister Manlio Marini
Geografi
Flatevidd
 - By

263 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

53 818
  204/km²
Koordinatar 42°57′N 12°42′E / 42.950°N 12.700°E / 42.950; 12.700
Høgd over havet 234 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 06034, 06030, 06037
Telefon-retningsnummer 0742
Nettstad: www.comune.foligno.pg.it

Foligno er ein stasjon på jernbanelinja mellom Roma og Ancona. Som eit viktig jernbaneknutepunkt, med linje vidare til Perugia, vart han bomba av dei allierte under den andre verdskrigen. Store delar av byen vart då øydelagd, men nok av monumenta frå mellomalderen står framleis. Av næringar i byen finn ein sukkerraffineri og metallurgisk og tekstil industri, i tillegg til papir og tømmer.

Historie endre

Foligno vart truleg grunnlagd av umbriarar i førromersk tid (truleg rundt 700-talet fvt.). Han vart erobra av romarane etter slaget ved Sentinum i 295 fvt., fekk og fekk namnet Fulginiae etter gudinna Fulginia. Byen låg langs den gamle romarvegen Via Flaminia og vart derfor ein viktig by. Seint i perioden under Romarriket starta derimot byen å forfalle og etter fallet til Riket vart han ein del av hertugdømet Spoleto. Han vart plyndra av sarasenarar i 881 og lagt i grus av ungararar i 915 og igjen i 924. Innbyggjarane valde derfor å flytte og slo seg ned i nærleiken av ei kyrkje der biskopen og martyren Feliciano vart gravlagd på 200-talet. Den nye byen trekte òg til seg folk frå Forum Flaminii (i dag San Giovanni Profiamma), ein naboby som vart øydelagd av langobardane under Liutprand.

Foligno fekk status som fri by i 1165 av keisar Fredrik Barbarossa. Innbyggjarane støtta først guelfarane i striden mellom ghibellinarar og guelfarar, men etter han vart okkupert av Robert Guiscard, ein kaptein for keisar Fredrik II skifta dei side og vart ein bitter rival til den guelfar-styrte Perugia. Han skifta ofte eigarar på 1200-talet fram til 1305 då den mektige familien Trinci fekk makta. Dei dreiv byen delvis underlagt Kyrkjestaten. Byen blømde i denne perioden og kontrollerte store landområde, inkludert Assisi, Bevagna, Giano, Montefalco, Nocera og Spello.

 
Domkyrkja i Foligno.

Corrado Trinci gjekk mot Kyrkjestaten sende pave Eugene IV ein styrke mot Foligno i 1439. Styrken var kommandert av den frykta kardinalen Giovanni Vitelleschi. Innbyggjarane opna portane til byen og Corrado vart halshogd i 1441 i borga i Soriano. Frå den tid og fram til 1860 var Foligno ein del av Kyrkjestaten, bortsett frå under napoleonskrigane då han var ein del av Den romerske republikken (1799) og Kongedømet Italia (1809‑1814). Innbyggjarane tok del i krigane under Risorgimento og 14. september 1860 vart han annektert til Kongedømet Italia.

Byen har fleire gonger vorte råka av store jordskjelv, mellom anna i 1832 og 1997.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Foligno» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2008.
  • Valle Umbra - Storia, arte, cultura e tradizione. Foligno: Valle Umbra - Servizio Turistico Associato. 2006. 
  • Vigueur, Jean-Claude Maire (mars 2007). «Foligno - Invito a palazzo». Medioevo (Novara: De Agostini Periodici) (122): 48-64. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Foligno