Fonologi i blackfoot-språket

Fonologi i blackfoot-språket.

VokalarEndra

Blackfoot-språket har tre korte og tre lange monoftongar og tre diftongar:

Monoftongar
Fremre
urunda
Sentral
urunda
Bakre
runda
Trong i ii
Midtre o oo
Open a a
Diftongar
Open, sentral
trong, fremre
Open, sentral
midtre, bakre
midtre, bakre
midtre, fremre
ai ao oi

Monoftongane er realiserte slik:

  • i er realisert som:
* [ɪ] i lukka staving
* [i] i andre omgjevnader
  • a er realisert som:
* [ʌ] føre lang konsonant
* [ä] i andre omgjevnader
  • 'aa er realisert som:
* [äː]
  • o er realisert som:
* [ʊ] føre lang konsonant
* [o] i andre omgjevnader
  • oo er realisert som:
* [oː]




På slutten av eit ord er ein vokal med låg tone ustemd (jamfør avsnittet Tonar nedanfor).

Diftongane utgjer alle dei mogelege stigande diftongane, når diftongane er kombinasjonar av monoftongar som finst i systemet. Desse diftongane varierer mykje fonetisk, og ikkje alle allofonane er diftongar, her attgjevne ortografisk:

  • ai er realisert som:
* [ɛ] føre lang konsonant, og elles:
* På Siksika-reservatet:
[ai] føre i eller '
[ei] i andre omgjevnader
* På Blood-reservatet:
[ei] føre i eller '
[æ] i andre omgjevnader
  • ao er realisert som:
* [au] føre '
* [ɔ) i andre omgjevnader
  • oi er realisert som:
[oi]




Her er eit minimalt par som viser distinktiv opposisjon mellom korte og lange vokalar:

  • áakokaawa 'ho/han skal tjore'
  • áakookaawa 'ho/han skal sponse ein soldans'

KonsonantarEndra

Blackfoot har ti konsonantar, her attgjevne ortografisk:

Konsonantar
Labial Alveolar Palatal Velar Glottal
Plosiv p p k '
Affrikat ts
Frikativ s h
Nasal m n
Halvvokal w y

Tre bokstavar har andre verdiar enn i IPA:

  • ' står for /ʔ/
  • h står for /x/
  • y står for /j/

Konsonantane ' , h, w og y er alltid korte, medan alle det ved alle dei andre er distinktiv opposisjon mellom korte og lange. Dei lange blir skrivne ved fordobling av bokstavane for dei korte, som er attgjevne i tabellen over. Lang ts blir skriven tts.

Konsonantane k /k/ og h /x/ har palatale allofonar – høvesvis [c] og [ç] – føre fremre vokalar og velare allofonar – høvesvis [k] og [x] – i andre omgjevnader.

TonarEndra

Blackfoot er eit tonespråk, med ein distinktiv opposisjon mellom ein høg tone og ein låg tone. Høg tone er markert ortografisk med ein akutt aksent (´), medan låg tone ikkje er markert. Jamfør desse to orda, som inneheld dei same fonema, men der det fyrste har høg tone (H) på fyrste stavinga og låg tone (L) på andre og tredje stavinga, medan det andre har låg tone på fyrste og siste stavinga og høg tone på andre stavinga:

  • H-L-L ápssiwa 'det er ei pil'
  • L-H-L apssíwa 'det er ein fiken'

Proto-algonkinsk er ikkje rekonstruert som eit tonespråk, og det er berre dei tre prærie-algonkinske språka (blackfoot, cheyenne og arapaho-språkgruppa) som har utvikla tonar.

FotnotarEndra