Fool to Cry
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Black and Blue
Utgjeve 26. april 1976
Innspelt 7. til 15. desember 1974
Sjanger Rock
Lengd 5:04
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi 
«Ain't Too Proud to Beg»
(1974)
Fool to Cry «Hot Stuff»
(1976)


«Fool to Cry» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones på albumet Black and Blue frå 1976.

Songen vart spelt inn i desember 1974 og vart skriven av Mick Jagger og Keith Richards. Songen er ein roleg ballade. Mick Taylor hadde akkurat forlate bandet og dei stod no utan ein sologitarist. Innspelinga av Black and Blue fungerte som ein slags audition for nye gitaristar, og dette er årsaka til at Wayne Perkins spelar gitar på denne songen. Jagger spelar elektrisk piano, medan Nicky Hopkins spelar akustisk piano på songen. Hopkins spelar òg noko synthesizer.

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå Black and Blue den 20. april 1976. Han nådde sjetteplassen på den britiske singellista og tiandeplass i USA. I Noreg gjekk songen opp til åttandeplassen.

Gitaristen Richards sovna medan bandet spelte songen på ein konsert i Tyskland[1]

Salslister

endre

Vekeslister

endre
Liste (1976) Plassering
Australia (Kent Music Report)[2] 45
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 16
Canada Top Singles (RPM)[4] 11
Irland (IRMA)[5] 6
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[6] 8
Nederland (Mega Single Top 100)[7] 10
New Zealand (RIANZ)[8] 38
Noreg (VG-lista)[9] 8
UK Singles (Official Charts Company)[10] 6
US Billboard Hot 100[11] 10
US Cash Box[12] 9
US Record World[13] 23

Årslister

endre
Liste (1976) Passering
Canada Top Singles (RPM)[14] 115

Kjelder

endre
  1. «Fool to Cry» av the Rolling Stones Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. songfacts. 2007.
  2. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – CHART POSITIONS PRE 1989». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 28. mars 2018. 
  3. "Ultratop.be – The Rolling Stones – Fool To Cry" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 28. mars 2018.
  4. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 28. mars 2018.
  5. "The Irish Charts – Search Results – Fool to Cry". Irish Singles Chart. Retrieved 28. mars 2018.
  6. "Nederlandse Top 40 – The Rolling Stones - Fool To Cry search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 28. mars 2018.
  7. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Fool To Cry" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 28. mars 2018.
  8. "Charts.org.nz – The Rolling Stones – Fool To Cry". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
  9. "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Fool To Cry". VG-lista. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
  10. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 28. mars 2018.
  11. «Black and Blue – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 28. mars 2018. 
  12. «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending JUNE 12, 1976». Arkivert frå originalen 2. september 2012. . Cash Box.
  13. «The Singles Chart» (PDF). Record World: 15. 12. juni 1976. ISSN 0034-1622. Henta 28. mars 2018. 
  14. «Image : RPM Weekly». RPM 26 (14 & 15). 8. januar 1977. Henta 28. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre