Ørkenspreiing
Forørkning eller ørkenspreiing er ei forringing av jorda i tørre eller halvtørre strøk som fører til danning eller utviding av ørken. Prosessen kan skuldast ulike typar menneskeleg aktivitet, overbeiting eller klimaendringar, og fører til at planteliv forsvinn og jorda held mindre fukt.
Årsaker
endreVanlege grunnar til ørkenspreiing, som høvesvis kan verka saman eller vera følgjer av kvarandre, er overfolking av menneske, husdyr eller andre dyr, fjerning av plantar (til dømes avskoging), overtapping av grunnvatn, overdyrking av jorda, erosjon og auka saltinnhald i jorda. Samstundes kan varmare og tørrare klima, menneskeskapt eller naturleg, og vind som gjev sandflukt gjennom sandstormar og vandrande sanddyner, verka inn.
Følgjer
endreVed forørkning vil livsgrunnlaget til ei rekkje organismar forsvinna, og ein får mindre biologisk mangfald. Menneske kan oppleva fattigdom og svolt, og blir ofte miljøflyktningar.
Tiltak
endreEin har prøvd å kjempa mot ørkenspreiing på fleire måtar. Ofte prøver ein å stoppa symptom på ørkenspreiing, til dømes ved å stoppa sandflukt med gjerde, utan å gjera noko med underliggande årsaker, som skadeleg jordbruk, uforsvarleg hogst og dyrehald.
Ein kan prøva a binda jord, fukt og frø gjennom å spreia eit stoff som petroleum over utsette område, eller gjennom nyplanting av tre eller andre plantar. Ein kan også prøva å gjera jorda meir næringsrik gjennom å tilføra biokol. Nyttevekstar som belgfrukter kan binda nitrogen frå lufta og gjera jorda meir fruktbar. Vekstar som i tillegg til å verna jorda også kan nyttast av menneske, som gummi arabikum laga av sevja i akasietre, kan gje alternativ til øydeleggjande levesett. Bruk av solomnar i staden for bål ein må hogga ved til, kan også vera ein måte å minska menneskeskapt forørkning på. Slike tiltak er som regel dyre, og ørkenspreiing er særleg knytt til fattige område der ein ikkje kan utføra mange av dei.
Merksemd
endreI 1996 tok SN sin konvensjon for kjemping mot ørkenspreiing til å verka. Organisasjonen erklærte 2006 som internasjonalt år for ørkenområde og forørkning for å setja fokus på konvensjonen.
Sjå og
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Desertification» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2009.
- «ørkenspredning» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- «Håp for tørre områder»[daud lenkje] ved Utviklingsfondet
- Global Deserts Outlook Arkivert 2008-03-17 ved Portuguese Web Archive ved UNEP