Opna hovudmenyen
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Forørkning er ikkje eit nytt fenomen, men eit relativt nytt omgrep i historiske samanheng. Ordet slik som det blir brukt om Afrika i dag stammar eigentleg frå den franske skogforvaltaren Andre Aubreville i 1949. Aubreville brukte det franske ordet «désertification» som opphavleg betydde «fråflytting frå landsbygda» (Benjaminsen 2000, Pearce 2002a) for å beskriva «avskoging, overbeiting, manglande regn og spreiing av sand» (Pearce 2002a). Det var dei innfødde som fekk skulda for denne skadelege vanstellinga av landet (Pearce 2002a), som i dag er kjend som «desertification» på engelsk.

Innhaldsliste

Frykta for ørkenenEndra

 
Satellittbilde av Afrika kan ørkenspreiing.

Frykta for «forørkning» var likevel ikkje noko nytt. Heilt sidan den kjende misjonæren David Livingstone i 1843 skreiv om korleis Afrika var i ferd med å bli til «steril øyde», og Livingstone sin mentor, Moffat beskreiv korleis dette var p.g.a. «menneskets første ulydighet» (Pearce 2002a), var «forørkning» på dagsorden. Sjølv om tørken som Livingstone opplevde vart erstatta med regntid, sjølv om innsjøane ikkje tørka ut (og dei som gjorde det, vart fylte att) (Nicholson 2001) vart problemstillinga like aktuell kvar gong det kom tørke til Afrika, slik som på 1940-talet.

Grunnane var vanlegvis å finna blant dei innfødde som ikkje kunne dyrke jorda på rett måte, overbeita den og hogg bort skogen.

Otta til kolonimaktene var at dei innfødde skulle øydeleggje jordbrukslandet og dei store parkane, og gjere det om til ørken. I tørre år var det også tydleg for alle at dette kunne skje. Vassnivået i innsjøane sokk, grønt land vart til nake land og så bortetter, men dataa viser at etter nokon tiår tok vassnivået seg opp og regnet kom tilbake . Erfaringane som USA fekk frå «The Dust Bowl» i midtvestens USA på byrjinga av 1930-talet var også friskt i minnet. Der gjorde kombinasjonen feil jordbruksteknikk, tørke og vind det mogleg for enorme mengder jordbruksjord å blåse bort. Konsekvensen vart at 3,5 millionar menneske (estimat) måtte flytta. (Lein 2004b).

FN involverer segEndra

1950- og 60-talet var ein veldig våt periode i Sahel som plutseleg snudde til det omvendte på byrjinga av 1970-talet. Dette førte til ekstrem tørke, og hungersnød som tok livet av ein stad mellom 50 000 og 250 000 menneske og 3,5 millionar dyr i 1972/73 (Lein 2004b:2).

Etterkvart vart såleis forørkning eit tema for FN. I 1975 gav dei økologen Hugh Lamprey i oppdrag å finne ut meir om forørkning i Sahel. Rapporten og utsegnene han kom med fekk stor merksemd og blir brukt fram til i dag. Han tok for seg eit område vest i Sudan der han flaug over med fly for å finne kvar grensa for akasietreet var, og samanlikna dette med vegetasjonskart frå 1950-talet. Konklusjonen vart at ørkenen hadde flytta seg mellom 90 og 100 km sørover frå 1958 til 1975 (Nicholson 2001, Pearce 2002a, Benjaminsen 2000, Lein 2004b). Deretter arrangerte FN i 1977 ein stor konferanse «The United Nations Conference on Desertification» som samla mange forskarar (Lein 2004a), og i 1980 annonserte dei at forørkning globalt hadde ramma rundt 35 millionar km² land og at 35 % av jordas fastland var trua. (Nicholson 2001).

Den offisielle definisjonen som FN brukte i 1980 var «diminution or destruction of the biological potential of the land [which] can lead ultimately to desertlike conditions». Det vart definert som menneskeskapt og klimaets rolle vart heller lagt til det som vart påverka. (Nicholson 2001: 134). Det som i dag blir brukt som definisjon er «FNs Convention to Combat Desertification» sin versjon: «Desertification means land degradation in arid, semi-arid and dry sub-humid areas resulting from various factors, including climatic variations and human activities».

Den nye otten på 70-talet som kom med store spådommar og skremmande tal fekk mykje vind i segla og pengar i kassen. Det ser ut til at det kanskje er dette siste elementet som har vore viktigast. Undersøkingane som Lamprey gjorde i 1975 viste seg fort å vera feilaktige. Lamprey hadde samanlikna eit område med eit kart laga rett etter ein lang periode med mykje nedbør, og observasjonar frå fly rett etter ein tørr periode. (Benjaminsen 2000, Nicholson 2001, Lein 2004b). Kartet frå 50-talet var basert på nedbørsgrenser og ikkje observasjon (Lein 2004). Seinare undersøkte svenske forskarar same området som Lamprey og kunne ikkje sjå at ørkengrensa hadde forandra seg, medan amerikanske forskarar fann at Saharas sørlege grense flytta seg fram og tilbake avhengig av nedbøren (Benjaminsen 2000, Lein 2004b).

Slik som Lamprey brukte kart baserte på nedbør, kan ein også samanlikna nedbørskartet for Afrika med forørkningskartet som FN publiserte i 1980 . Ein vil då kunne sjå ein slåande likskap. (Nicholson 2001). Forørkning som menneskeskapt fenomen fekk likevel stor merksemd, og mykje pengar vart brukt til tiltak som ikkje nødvendigvis forbetra situasjonen (Warren 1996).

Afrikanarane har skuldaEndra

 
Bilspor i Namibørkenen.

På denne tida (frå 1960-talet) fekk også tankane til Thomas Malthus ny næring, i ein retning som blir kalla nymalthusianisme.

Thomas Robert Malthus var ein prest og samfunnsforskar som i 1798 gav ut eit verk som bar tittelen «Et essay om prinsippene for befolkning slik de påvirker framtidig forbedring av samfunnet med merknader om spekulasjonene til hr. Godwin, hr. Condorcet og andre skribenter». Boka formulerte i kortheit ei «befolkningslov» som sa at befolkningsveksten alltid vil vera høgare enn veksten i matproduksjon, slik at så lenge denne befolkningslova virkar vil befolkninga bli justert i t.d. katastrofar som hungersnød. Nymalthusianistane åtvarte mot ein befolkningsvekst som førte til eit så stort press på jorda at det gjekk utover jordas bereevne, altså evna til å vere like produktiv i framtida. (Benjaminsen 2002). I teoriane om bereevne og befolkningslover var det også mange som støtta seg til ein artikkel av Garret Hardin publisert i tidsskriftet Science i 1968 som han kalla «The Tragedy of the Commons», altså «Allmenningens tragedie» (Lein 2004b). I denne artikkelen prøver Hardin å forklare korleis allmenningar ikkje kan fungere, ettersom kvar brukar av allmenningen vil prøve å karre mest mogleg av allmenningens ressursar til seg sjølv.

Nymalthusianisme fekk også god vind i segla av befolknings og matproduksjons utviklinga. Frå 1950 til 1975 hadde befolkninga auka frå 221 millionar til 406 millionar menneske, og i 2000 var det 794 millionar menneske. Noko som tilsvarar 2,56 % vekst pr. år. (estimat frå UN 2002). Den offisielle statistikken viser at kornproduksjonen ikkje klarte å fylgja befolkningsauken, og som ein konsekvens gjekk kornproduksjon pr. hovud ned gjennom heile perioden (Benjaminsen 2002).

For å forklare årsakene til forørkning blir det vanlegvis operert med fire menneskeskapte årsaker; (1) intensiv og feilaktig dyrking av jord, (2) misbruk av irrigasjonsanlegg, (3) avskoging, og (4) overbeiting (Lein 2004b:3-4). Alle skal føre til utarming av jorda og evt. erosjon. Det er klart at eit jordbruk som ikkje har utvikla seg på mange hundre år vil bli sett på som «underutvikla». Dette var også stoda i Afrika på byrjinga og langt inn i det 20. hundreåret. Store, dyre prosjekt ser likevel ikkje ut til å vere løysinga. Dei store prosjekta for å vatna ørkenen i Libya har t.d. store vanskar p.g.a. at vatnet som blir brukt er såkalla fossilt vatn. Det er altså vatn frå ei tid då området fekk mykje meir nedbør, noko som betyr at dei brukar ein vasskjelde som til slutt vil gå tom. I tillegg har dei hatt store problem med at jorda blir ubrukeleg p.g.a. «salinisering» d.v.s. at den blir metta med salt og dermed ubrukeleg. (Edwards 2003).

Vestlege antropologar og biologar meinte at afrikanarane var irrasjonelle og drivne av religion og overtru. Difor «utbeita» nomadane jorda ved å ha for mange dyr og bruka for dårleg (tørr) jord. Biologane meinte dei kunne rekne ut kor mange dyr eit beiteområde kunne tola. Men det viste seg etterkvart at utrekningane vart gjort til skamme, ettersom den fastslåtte kapasiteten vart overskriden i tiår etter tiår i t.d. Zimbabwe. Seinare viste fleire studiar at det Afrikanske fehaldet var meir effektivt enn introduserte vestlege former. Ny teori går ut på at slike tørre økosystem som den tørre Afrikanske savannen blir «beskytta» av tørke. Då beiteområde vil bli ubrukelege i tørketid, vil dette føre til nedgang i tal på fe, og dermed betre moglegheit til å byggje seg opp når vatnet kjem tilbake. (Warren 1996). Vegetasjonen er også tilpassa ved at den består av planter som veks fort og døyr fort for å utnytte vatnet den korte tida det kjem, etterpå kan frøa liggje i fleire år å vente på neste regnsky.

Sjølv om Afrika blir nemnd som eit spesielt eksempel for land trua av erosjon er det studiar som viser at Afrika faktisk har lite erosjon samalikna med andre kontinent (Stocking 1996). På den andre sida kan ein prøve å sjå om vinderosjon har auke ved å sjå på kor mykje støv som fer frå eller i Afrika. Det er estimert at nesten 50 % av verdas atmosfæriske støv kjem frå Vest-Afrika, og før trudde ein at dette kom frå Sahara. Nyare forsking ser likevel ut til å vise at det heller kjem frå Sahel-Sudan området. Samtidig viser forskinga at tal på og lengde på sandstormar har auka jamnt både i vest (Nicholson 2000) og nord (Goudie) i Afrika heilt sidan 1970-talet. Det er likevel inga forsking som viser om dette betyr at vinderosjon faktisk har auka mykje. Mistanken går mot at det er veldig lokal erosjon i nærleiken av der det blir målt (Warren 1996).

Forskinga på erosjon har vore mykje prega av teoriar og teoretisk forsking. Malthus si befolkningslov er ein teori som seier at befolkninga må veksa fortare enn matproduksjonen. Hardin sin teori seier at allmenningar ikkje fungerer, og erosjonsekspriment finn ut kor mykje jord som forsvinn i løpet av eit år. Studiar som går ut i felten og ser på realiteten viser eit anna bilete.

Studiar som støttar Boserup sin «befolkningslov»Endra

Benjaminsen (2001) har teke for seg den bomullsproduserande delen av Mali. Dette er eit område som blir beskrive som suksess for jordbruket, men ulukke for miljøet og evt. framtida. Området har hatt stor folkevekst som har ført til auka folketettheit. I studien viser Benjaminsen korleis Ester Boserup sin modell sannsynlegvis er meir dekkande for utviklinga i Mali enn Malthus sin. Ester Boserup sin modell for kva som vil skje når folketalet aukar går i kortheit ut på at i staden for at fleire folk skal slåst om den same kaka, så vil meir menneske føre til meir tilgjengeleg arbeidskraft som saman med ny teknologi vil gjera det mogleg å «intensivere» matproduksjonen og dermed auka produktivitet og tilgang på mat.

Benjaminsen viser korleis ny teknologi som plog, kunstgjødsel, treplanting (som nitrogenbindar og bruksplante) og sprøytemiddel har blitt teke meir i bruk ettersom folketettleiken har auka. Han viser også at treproduksjonen for det meste er høgare enn forbruket. Skog har forsvunne og plantesortar med, men området produserer si eiga energikjelde både til kropp og ovm, og eksporterer faktisk både bomull, ved og korn.

Eit anna mykje brukt eksempel er Mortimore & Tiffen (1995) sin studie i Machakos fylke i Kenya. Machakos hadde mellom 1950 og 1989 ein gjennomsnittleg årleg folkevekst på rundt 3 %, slik at landet måtte fordelast på fleire. Dette førte til større investering i å sikre og bruke det vesle landet ein hadde. Med hjelp frå myndigheter t.d. ved å tilretteleggje for sal av dei produserte jordbruksvarene auka produksjonen sterkt utover 70- og 80-talet. For å få dette til vart jorda meir intensivt brukt. Ein tok i bruk plog, terrassedyrking og nye maissortar. Sjølv om meir folk skulle bety meir vedforbruk viste undersøkingar av bilete at tretettleiken ikkje hadde gått ned mellom 1937 og 1991. Skogane hadde blitt mindre men fleire bønder planta fleire tre.

Klimaet har skuldaEndra

 
Sanddyner i Sahara.

Afrika er eit stort kontinent som har verdas største ørken Sahara som saman med resten av dei tørre områda i Afrika dekker 60 % av kontinentet (Lancaster 1996). Samtidig har det ei befolkning som berre brukar 27 år på å fordoble seg (UN 2002). Det er difor ikkje så rart at det fører til bekymring når nedbøren i ørkennære strøk blir bortimot halvert i fleire tiår. Men Afrika vart ikkje til noko nake øyde, og er det heller ikkje i dag. Nyare forsking viser at ørkenen flyttar seg etter kor mykje nedbør den får. Såleis har ein kunna observere at Sahara rykker tilbake heilt sidan midten av 1980-åra (Pearce 2002b).

Endringane i førhistorisk tid har vore endå større. Saharas grenser har flytta seg ettersom klimaet har endra seg, og var altså mykje mindre rett etter siste istid.

Sjølv om det kan sjå ut som om historia fortel oss at nedbøren i Afrika generelt og Sahel spesielt varierer «naturleg», er det ting som tyder på at kanskje den siste tørken er menneskeskapt likevel. I klimatidskriftet Cicerone, argumenterer Kristjánsson m.fl. (2002) for at tørken på 1970- til 90-talet kanskje var menneskeskapt likevel. Men Kristjánsson og hans kolleger tenkjer ikkje på afrikanarane som skuldige, men derimot europearane. Dei fann at sotforureining frå Europa som var veldig høg på 1970 til 90-talet, kan ha ført til ei generell avkjøling av den nordlege halvkula og dermed sørleg forskyving av ITCZ, slik at det vart mindre nedbør over Sahel. Når forureininga avtok på 1990-talet har også nedbøren komme tilbake. Også andre studiar (Nicholson 2000, Seip 2002) viser at støv (kanskje også Sahel sitt eige støv) kan ha effekt på varmeutvikling.

KjelderEndra

Adams, W. M., A. S. Goudie & A. R. Orme (1996): The Physical Geography of Africa. New York: Oxford University Press.

Benjaminsen, T.A (2000): Timbuktu som utkant, i Benjaminsen, T. A., Gunvor Berge & Randi Eilertsen (ill.) (2000): Timbuktu. Myter, mennesker, miljø. Oslo: Spartacus forlag.

Benjaminsen, T.A (2001): The Malian Cotton Zone: Economic Success, but Environmental Failure? I Politics, Property and Production in the West African Sahel. Understanding Natural Resource Management. Nordiska Afrikainstitutet 2001, Elanders Gotab, s. 255-277.

Benjaminsen, T.A (2002): Befolkning, landbruk og miljø, i Benjaminsen, T.A og Svarstad, H. (red). Samfunnsperspektiver på miljø og utvikling. Universitetsforlaget 2002, 2. utgåve, s. 21-47.

Edwards, Mary (2003): Physical geography. Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 17.01.2003. Ikkje tilgjengeleg utanfor NTNU.

Goudie, Andrew S. (1996): Climate: Past and Present. I Adams, W. M. mfl..

Klein, Jørgen (2004): Klima og biomer. Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 16.01.2004. Ikkje tilgjengeleg utanfor NTNU.

Kristjánsson, Jón Egill, Trond Iversen, Alf Kirkevåg, Øyvind Seland, Jens Debernard & Lars Petter Røed (2002): Partikkelforurensninger endrar atmosfærens sirkulasjon. Cicerone. (digital versjon) Årgang 11, nr. 6, s. 25-27.

Lancaster, Nicholas (1996): Desert Environments. I Adams, W. M. mfl..

Lein, Haakon (2004a): Introduksjon. Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 16.01.2004. Ikkje tilgjengeleg utanfor NTNU.

Lein, Haakon (2004b): Blir Sahara større eller mindre? Leksjon frå AFR 6002/1002. NTNU: 16.01.2004. Ikkje tilgjengeleg utanfor NTNU.

Meadows, Michael E. (1996): Biogeography. I Adams, W. M. mfl..

Mitchell, Todd (2003): Sahel rainfall index, 1898 – 2002. http://tao.atmos.washington.edu/data_sets/sahel/ 13.02.2004.

Mitchell, Todd (2001): Africa rainfall climatology. http://tao.atmos.washington.edu/data/willmott/africa/ 19.02.2004.

Mortimore, M & Tiffen, M (1995): Population and Environment in Time Perspective: the Machakos story, i Binns, T (eds) People and Environment in Africa. John Wiley & sons, 1995, s. 69-89.

NASA (2004): The Intertropical Convergence Zone. Earth observatory, News, New Images. http://earthobservatory.nasa.gov/Newsroom/NewImages/images.php3?img_id=4028 henta 19.02.2004.

Nicholson, Sharon E. (2001): Climatic and environmental change in Africa during the last two centuries. Climate Research, Clim Res (digital versjon). 17. årgang, 15. august 2001, s. 123-144.

Nicholson, Sharon E. & Xungang Yin (2001): Rainfall Conditions in Equatorial East Africa During the Nineteenth Century as Inferred From the Record of Lake Victoria. Climatic Change. (digital versjon) nr. 48, s. 387–398, 2001.

Pearce, Fred (2002a): Dr Doom-monger I presume. New Scientist. Årgang 175, nr. 2351, s. 50.

Pearce, Fred (2002b): Africans go back to the land as plants reclaim the desert. New Scientist. Årgang 175, nr. 2361, s. 4.

Seip, Hans Martin (2002): Små partikler – store konsekvenser. Cicerone. (digital versjon) Årgang 11, nr. 6, s. 25-27.

Stocking, Michael A. (1996): Soil Erosion. I Adams, W. M. mfl..

UN (2002), United Nations Population Division: World Urbanization Prospects, The 2001 Revision. New York. http://www.un.org/esa/population/publications/wup2001/WUP2001report.htm

Warren, Andrew (1996): Desertification. I Adams, W. M. mfl.