Cyclone av Tangerine Dream

Cyclone
Studioalbum av Tangerine Dream
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1978
Innspelt Januar 1978
Studio The Audio Studios i Berlin i Tyskland
Sjanger Elektronisk, progressiv rock
Lengd 38:33
Selskap Virgin
Produsent Tangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi 
Encore
(1977)
Cyclone Force Majeure
(1979)


Cyclone er eit studioalbum og det 11. albumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i 1978. Det er det første albumet deira med song og tekst.[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Sputnikmusic3/5[2]

Dei mystiske tekstane og rockefløyta til Steve Jolliffe på dei første to songane markerer eit skifte mot progressiv rock. Det tredje stykket, er ein lengre instrumental innan Berlin-skulen som minnar meir om tittelsporet på Stratosfear. Omslaget på plata er måla av bandleiaren Edgar Froese og minnar noko om omslaget til Phaedra frå 1974.

Cyclone har fått mykje dårleg omtale gjennom åra, men berre fem andre Tangerine Dream-album selde meir i Storbritannia. Cyclone nådde 37. plassen på den britiske albumlista.[4]

Bakgrunn endre

Etter at Peter Baumann hadde slutta i Tangerine Dream, fekk Edgar Froese og Chris Franke med seg Steve Jolliffe og Klaus Krüger, to musikarar Froese kjende frå 60-åra.[5]

I eit intervju med Wouter Bessels fortalte Steve Jolliffe: «Det skjedde heller kjapt. Eg hadde skrive til Edgard ein dag for å gratulerer han med arbeidet han hadde fått til, særskild på Rubycon. Han skreiv kjapt attende og spurte om eg ville bli med att i bandet». Faktisk hadde Jolliffe alt vore medlem av bandet i ein kort periode i 1969. «Han kom seinare over til London med Christoph og me utveksla idear og fekk i stand eit møte seinare med Richard Branson. Eg drog med Edgard for å snakke med Richard -- eg likte han veldig godt. Han verka som ein kar du kunne møte på busstoppet. Me hadde det kjekt og samanlikna lengda på skjegga våre.»[5]

Kvartetten Froese, Franke, Jolliffe og Krüger spelte inn det mest kontroversielle Tangerine Dream-albumet, sidan det vart det første albumet deira som ikkje var rein instrumentalmusikk med Jolliffe på vokal. Mange av fansen til Tangerine Dream mislikte denne typen musikk, og det same gjorde Froese sjølv.[5]

Edgar Froese sa i eit intervju med Neumusik i 1980: «Etter Phaedra tok me av. Me har berre hatt ei plate som var meir eller mindre mislykka, sjølv om det selde godt - berre det me plasserte på plata. Eg kunne ikkje identifisere meg med den plata. Me booka studioet for januar for to år sidan og møtte ein engelsk kar, Steve Jolliffe, og ein tysk trommeslagar, Klaus Krüger. Men så fekk me store problem fordi alle i bandet ønskte å gjere forskjellige melodiar og ting. Og då me hadde fått ned eit bra spor, ønskte alle å gjere forskjellige over det. Til slutt gjekk me med på at Steve kunne syngje - ein siste utveg. Så han song, og det var grufullt! Eg likte nokre partar, men etter mars 1978 har eg ikkje høyrt på den plata lenger, og kjem helle aldri til å gjere det.»[5]

Etter albumet og den påfølgjande europeiske turneen, slutta Steve Jolliffe igjen i gruppa, og Tangerine Dream brukte ikkje vokal att på ei plate før i 1987 (med unntak av talte, russiske ord på Kiew Mission i 1981).[5]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Bent Cold Sidewalk»13:05
2.«Rising Runner Missed by Endless Sender»5:00
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Madrigal Meridian»20:28

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. McDonald, Steven. Cyclone av Tangerine DreamAllmusic
  2. Fatali, Liberi. «Tangerine Dream: Cyclone». Sputnikmusic. 
  3. Berling, Michael. «Cyclone». Voices in the Net. Henta 9. april 2013. 
  4. Cyclone UK Album Chart History. Officialcharts.com. Henta 24. februar 2020
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «Cyclone». Voices in the Net. Henta 9. juli 2020.