Forholdet mellom Armenia og Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest

Forholdet mellom Armenia og Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest har vore fiendtleg innstilt i både Armenia, som debuterte i 2006, og Aserbajdsjan, som debuterte i 2008, grunna den pågåande konflikten om området Nagorno-Karabakh som har vore under armensk militærkontroll sidan 1993. I 2009 fekk landa mykje mediemerksemd grunna ei rekkje røystekontroversar som fann stad gjennom semifinalen og finalen. Mellom anna har dei to landa gjeve ti poeng til kvarandre i den fyrste semifinalen i 2009.

██ Armenia ██ Aserbajdsjan

2006 endre

Då Armenia sendte det fyrste bidraget til Eurovision Song Contest 2006 i Aten, klaga aserbajdsjanske massemedia at den offisielle nettstaden til Eurovision Song Contest, eurovision.tv, viste fødestaden til den armenske representanten, André, var oppgjeve som Nagorno-Karabakh, til tross for at Nagorno-Karabakh òg vart rekna som ein del av Aserbajdsjan på den tida André vart fødd. Resultatet vart at fødestaden vart fjerna frå sida.

2009 endre

Under den fyrste semifinalen i 2009 vart det vist postkort med bilete frå Armenia. Eit av bileta var av We Are Our Mountains, ein statue som står plassert i Stepanakert, hovudstaden i Republikken Nagorno-Karabakh. Sidan republikken er rekna som ein del av Aserbajdsjan, sendte Aserbajdsjan ein offisiell klage og fekk videoklippet redigert bort før finalen. Under røystgjevinga heldt den armenske røystopplesaren, Sirusho, opp ei utklippstavle som ho las røystene frå. På den sida av tavla som viste mot fjernsynsskjermen var det eit bilete av monumentet, og i bakgrunnen var det ein skjerm som viste hovudtorget i den armenske hovudstaden Jerevan, der ein òg kunne sjå monumentet. På postkorta til Aserbajdsjan var det mellom anna bilete av monumenta Maqbaratoshoara og Segonbad som står plassert i regionen Aserbajdsjan i Iran. Armenske medie klaga over at Eurovision Song Contest fjerna bilete av We Are Our Mountains etter at Aserbajdsjan protesterte, medan Aserbajdsjan fekk bruke bilete av monument i Iran. Trass i kontroversen røysta 1 065 armenarar på det aserbajdsjanske bidraget og Aserbajdsjan fekk eitt poeng av Armenia. 43 aserbajdsjanarar røysta på det armenske bidraget, som ikkje fekk nokon poeng av Aserbajdsjan.

Det var òg påstandar om at den aserbajdsjanske kringkastaren, İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti (İTV), hadde mislukkast i å vise eitt bilete av den armenske representanten under finalen i 2009, men viste ein annan representant i staden for, og at ingen av tala hadde vore vist for publikum så dei ikkje kunne røyste på det armenske bidraget. Den aserbajdsjanske kringkastaren nekta desse påstandane og presenterte ein video av det armenske bidraget saman med tala ein treng for å røyste. Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) gav İTV ei bot på 2 700 euro fordi dei fjerna tala frå fjernsynsskjermen og gjorde skjermen uskarp då Armenia synte fram bidraget sitt. Aserbadjanske borgarar som røysta på Armenia vart òg avhøyrt av politiet. EBU har truga med å stengje landet ute frå tevlinga i tre år om dei bryt fleire av reglane i Eurovision Song Contest.

I august 2009 vart ei rekkje aserbajdsjanarar, som hadde røysta på Armenia, kalla inn til avhøyr hjå Milli Təhlukəsizlik Nazirliyi i Baku, der dei vart skulda for å vere «upatriotisk» og «ein mogleg tryggleikstrugsel». Ein av dei som vart kalla inn, Rovshan Nasirli, sa at forhøyrsleiarane hadde sagt at dei hadde namn og adresser til alle dei 43 aserbajdsjanarane som hadde røysta på Armenia. Svante Stockselius, dåverande ansvarleg for Eurovision Song Contest, kunngjorde ein førespurnad om hendinga. I ein respons frå İTV, uttalte dei at to personar hadde vorte invitert til Milli Təhlukəsizlik Nazirliyi, men at ingen hadde vorte avhøyrt, verken offisielt eller uoffisielt, om røystinga i tevlinga. Jean Réveillon, dåverande direktør i EBU, svarte på dette ved å seie at fridom til å røyste er noko av det grunnleggjande i tevlinga og at brot på personvern om røystegjeving eller avhøyr av enkeltpersonar er heilt uakseptabelt.

Den aserbajdsjanske ministeren for ungdom og sport, Azad Rahimov, nekta for at nokon hadde vorte kalla inn til avhøyr. Han skulda mellom anna Radio Free Europe/Radio Liberty (RFE/RL) for å «lage ein skandale».

Referansegruppa av Den europeiske kringkastingsunionen, som organiserer Eurovision Song Contest, granska saka på eit møte i Oslo 11. september 2009. 17. september same året erkjente EBU at nokon aserbajdsjanarar som hadde røysta på Armenia, hadde vorte kalla inn til avhøyr. EBU hadde ikkje moglegheit til å straffe telefonselskap, men endra reglane slik at dei kan gjere kringkastaren ansvarleg om informasjon som kan nyttast til å identifisere røystarane, vert offentleggjort. Å stengje ute ein kringkastar vil effektivt stoppe eit land frå å kunne delta.

2010 endre

21. november 2010, vann Vladimir Arzumanyan frå Nagorno-Karabakh Junior Eurovision Song Contest for Armenia. Ifylgje armenske nyhenderapportar stansa aserbajdsjanske medium sendinga då det viste seg at Armenia hadde vunne. Tahir Mammadov, den dåverande representanten for İTV, sa at fordi Aserbajdsjan ikkje deltok i tevlinga, trong dei ikkje å kringkaste arrangementet.

2012 endre

Ei gruppe armenske popsongarar lanserte ein kampanje for å boikotte Eurovision Song Contest 2012 som vart halden i Baku i Aserbajdsjan, etter at ein 20 år gamal armensk soldat vart skoten og drepen på grensa mellom dei to landa. Armenia gav ein aserbajdsjansk skarpskyttar skulda for drapet, men det armenske forsvarsdepartementet innrømma seinare at soldaten vart drepen av ein armensk soldat. Leiaren for den armenske delegasjonen i Eurovision Song Contest sa òg at landet ikkje hadde motteke nokon tryggingsmessige garantiar for sine medlemmar. Armenia meldte seg på tevlinga og vart tildelt ein plass i den andre semifinalen. 7. mars 2012 trekte dei seg frå tevlinga.

Kjelder endre