Forlagshuset Vigmostad & Bjørke

Forlagshuset Vigmostad & Bjørke er eit norsk forlag med hovudkontor i Bergen. I 2014 var det det fjerde største forlagshuset i Noreg.

Forlagshuset Vigmostad & Bjørke
Org.formAksjeselskap
Org.nr.964235112
BransjeForlag
Skipa11. januar 1992
HovudkontorBergen
LandNoreg

Selskapet hadde ein samla omsetnad på 966 millionar kroner i 2016, med eit driftsresultat på 50 millionar kroner. I 2013 var omsetnaden til konsernet på 411 millionar kroner, veksten hadde då i stor grad skjedd ved oppkjøp. I 2016 kjøpte det Exlibris Media, NKI Forlag og Pedlex norsk skoleinformasjon. Tidlegare har selskapet kjøpt Schibsted forlag, Piratforlaget og Akademika bokhandel.[1]

Historie endre

Forlagshuset Vigmostad & Bjørke vart etablert i 1990 av Arno Vigmostad og Arnstein Bjørke. Forlaget gjev ut bøker for allmennmarknaden med fokus på norsk og omsett skjønnlitteratur og norsk og omsett krim.

Same året vart dotterforlaget Fagbokforlaget etablert. Fagbokforlaget kjøpte Eide Forlag i 2005, som gjev ut bøker for Den norske kyrkja og annan kyrkjeleg litteratur. I forlagshuset inngår òg Johan Grieg AS og Cantando Musikkforlag. I 2012 vart Vigmostad & Bjørke eineeigar av det norske Piratforlaget AS. Piratforlaget vart grunnlagt i 2004 og var fram til 2012 eigd av det svenske Piratförlaget (40 %), Forlagshuset Vigmostad & Bjørke (40 %) og Tine Kjær (20 %).

I 2011 kjøpte Forlagshuset Vigmostad & Bjørke 46 % av aksjane i nettbokhandelen Haugenbok.no, som var den første nettbokhandelen i Noreg, og som sidan 2009 har vore drive som ein rein nettbokhandel. Hausten 2012 kjøpte forlagshuset resten av aksjane i bokhandelen, der det no er eineeigar.

I slutten av mars 2012 vart det kjent at Det Norske Samlaget selde si utdanningsavdeling til Fagbokforlaget, med 15 tilsette og ein forventa omsetnad på 200 millionar kroner. Noko seinare kjøpte dei Tun forlag AS frå Tun Media AS, og deira utgjevingar vart delte mellom Fagbokforlaget og Forlaget Vigmostad & Bjørke.

Forlagshuset Vigmostad & Bjørke overtok i mars 2014 Akademika Bokhandel og Akademika Forlag frå Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) og Studentsamskipnaden i Trondheim (SiT). SiO og SiT selde 100 prosent av aksjane i Akademika AS til forlagshuset. I mai 2014 kjøpte forlagshuset òg fagbokhandelen Studia AS av Studentsamskipnaden i Bergen (SiB). Campusbok hadde etter dette 54 bokhandlarar.

Kjelder endre

Referansar
  1. Dagens Næringsliv, 29. Juli 2017, s. 77.