Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (forkorta FAD) var eit norsk departement som vart formelt oppretta 1. januar 2006.

Departementet fekk ved opprettinga ansvaret for saksfeltet til det tidlegare Moderniseringsdepartementet, i tillegg til nordisk samarbeid. Departementet sitt hovudfokus er modernisering av offentleg sektor, konkurranse i næringslivet, kyrkje, minoritetar og IT. Departementet har eit samla ansvar for konkurransepolitikken, koordinering av Informasjonsteknologipolitikken for heile samfunnet, kyrkja, kongehuset, nasjonale minoritetar, leiarutvikling, organisasjonsutvikling og omstilling i statsforvaltinga, servicefunksjonar for departementsfellesskapet og statleg sektor generelt. Departementet har arbeidsgjevaransvar for statstilsette.

1. januar 2014 blei departementet lagt ned og dei fleste ansvarsområda overført til det nyfusjonerte Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Historikk endre

Moderniseringsdepartementet vart oppretta den 1. oktober 2004. Arbeids- og administrasjonsdepartementet ogNærings- og handelsdepartementet hadde før dette ansvaret for saksområda.

Endring av departementet frå 1. januar 2010 endre

Regjeringa Stoltenberg II har bestemt at kyrkjesakene skal flyttast frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Fornyings- og administrasjonsdepartementet med verknad frå 1. januar 2010. Namnet på departementet blir då Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Politisk leiing endre

Rigmor Aasrud frå Arbeidarpartiet er frå 20. oktober 2009 statsråd og sjef for departementet.

Nynorsk namngjeving av departementet endre

Dagen etter at eit oppslag på nynorsk.no (18.10.05) kritiserte namnet på «Fornyelsesdepartementet» for å ikkje vere nynorskvenleg, slo dåverande nyutnemnde fornyingsminister Heidi Grande Røys, som kjem frå Sogn og Fjordane, fast at namnet på departementet skulle vere fornyingsdepartementet uansett målføre. (Kjelde 1 og 2)

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Nynorsk.no - Endra departementsnamn for å bli meir nynorskvenleg Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
  2. Nynorsk.no - Og namnet vart fornyingsdepartementet Arkivert 2007-11-17 ved Wayback Machine.