Forsand kyrkje er ei langkyrkje i Sandnes kommune i Rogaland. Ho blei bygd i 1854 etter teikningar av Tollag Gudmestad frå Nærbø. Kyrkja blei sist restaurert i 2004 i samband med 150-årsjubileet. Opphavleg var kyrkja umåla og utan elektrisk straum eller orgel.

Forsand kyrkje
kyrkje
Forsand kyrkje
Foto: Rune Sattler
Bispedøme Stavanger
Prosti Sandnes
Sokn Forsand
Stad Forsand
Arkitekt Tollag Gudmestad
Material Tre
Innvigd 10. oktober 1854
 - Endringar 1931 - Ny altartavle og måleri
1952 - Elektrisk straum
1955 - Nytt orgel
1992 - Nytt bårehus og ny parkeringsplass
2004 - Større ombygging inne
Kyrkjegard Rundt kyrkja
Sitjeplassar 300
Kart
Forsand kyrkje
58°54′02″N 6°05′49″E / 58.90055556°N 6.09694444°E / 58.90055556; 6.09694444

Historie endre

Ved kongeleg resolusjon av 5. november 1852 blei det gjeve løyve til å bygge kyrkja. Det var også ved bygginga av kyrkja at Forsand sokn blei skild ut frå Høle sokn.

Arbeidet med å hente fram materiale blei gjort på vinteren 1854 og byggestart blei 13. mai. Dette var før teikningane var endeleg godkjente av departementet, noko dei blei 24. juni. Mykje av reisverket blei hogge med øks - truleg av Nils Lyse. Alle bruk i Forsand sokn blei pålagt ei viss arbeidsplikt, noko som varierte frå ein halv dag for dei minste til åtte dagar for dei største bruka.

Då den blei bygd i 1854 var den umåla og utan orgel. Kyrkja blei bygd i rektangulære former som var typisk på den tida. Den blei innvia 10. oktober av biskop von der Lippe. Sommaren 1855 blei kyrkja bordkledd og måla utvendig. Det var vanleg å la tømmerbygg stå eit års tid før dei blei bordkledd.

I 1931 fekk kyrkja ei ny altartavle. Måleri av Frank Wathne blei sette opp rundt preikestolen. Elektrisk straum kom i 1952 og nytt orgel blei innvigd i 1955. Parkeringsplass og nytt bårehus blei laga i 1992.

Som ein del av 150-årsjubileet i 2004 blei det utført omfattande ombygging inne i kyrkja. Nytt orgel blei sett inn framme i koret og koret blei utvida. Preikestolen blei flytta inntil veggen og endra tilbake til slik den var før 1931. Måleria av Frank Wathne blei teke bort slik at korset som var målt rett på preikestolen kom til syne igjen. 14. november 2004 var arbeidet ferdig til jubileumsfeiringa.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre